Eit skjebneval for dyra


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er snart val, og dersom ein ser på meiningsmålingane så kan det sjå ut som at me kan få ei regjering sett saman av Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dette er ein skummel kombinasjon av fleire grunnar, som til dømes at dei går til val på å reversera viktige reformar, lukka seg frå internasjonalt samarbeid og vil greie ut om oljeboring i sårbare havområde.

Agnes Hoshovde Bernes er leiar i Hordaland Unge Venstre. Foto: Privat

Men det som uroar meg mest med ei regjering av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, er kva som vil skje med dyrevelferda.

I denne stortingsperioden har Venstre saman med regjeringa jobba hardt for å få betre dyrevelferd i Noreg. Ein har fått til dyrepoliti i Rogaland, Sør-Trøndelag og Østfold, og ein har òg klart å fjerna store delar av subsidiane til pelsdyrnæringa. Noko som har gjort at det har blitt færre pelsdyroppdrett i Noreg.

Eg er redd at ei regjering av Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje vil prioritera arbeidet med å få dyrepoliti til heile Noreg, og at subsidiane til pelsdyrnæringa vil gjennomførast.

Dyrevelferdspolitikken til Senterpartiet er nesten ikkje-eksisterande. Når eg var inne og såg på nettsida til Senterpartiet stod det bare to punkt under dyrevelferd, der eitt av dei var «Senterpartiet vil vidareføra den norske pelsdyrnæringa og stilla strenge krav til dyrevelferd i næringa».

Dette har dei som eit punkt under dyrevelferd når ein veit at alle dei store faginstansane som Veterinærforeininga, Veterinærinstituttet og Rådet for dyreetikk alle har sagt at det ikkje er mogleg med god dyrevelferd i pelsdyrindustrien og at ein må avvikle næringa.

I tillegg har Senterpartiet ein rovdyrpolitikk som går ut på å skyte flest mogleg, som i verste fall kan føre til utrydding av heile rovdyrbestandar i Noreg. Arbeidarpartiet har vedteke i sitt program at dei er for ein gradvis avvikling av pelsdyrnæringa, men eg tvilar på at det er noko dei kjem til å kjempe hardt for dersom dei går inn i regering med Senterpartiet.

Arbeidarpartiet sin rovdyrpolitikk er òg så diffus at det er vanskeleg å skjønna kva dei eigentleg vil.

Dette valet er eit viktig val for dyra! Eg håper at når folk går til valurnene den 11. september at dei òg tenkjer på dei som ikkje har ei stemme, nemleg dyra. Det skal i alle fall eg!

Eg vonar valresultatet blir ei blågrøn regjering med eit strekt Venstre som kan kjempe dyra sin sak, og ikkje ein raudgrøn regjering som vil skyte all ulven og fortsette å ha ville dyr i bur.