Ventar kraftig økonomisk vekst i Norge
Norsk økonomi er venta å vekse raskare enn på fleire år. Nordea Markets ser svært lyst på den nærmaste framtida for norsk økonomi.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Veksten i fastlandsøkonomien kjem til å ta seg frå venta 1,9 prosent i år til 2,6 prosent neste år, ifølgje sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets. Han poengterer at fallet i dei oljetunge næringane har stoppa opp, og ventar ein forsiktig oppgang i denne delen av norsk næringsliv i dei nærmaste åra.
Det går fram av prognoserapporten Nordea Economic Outlook, som vart offentleggjort onsdag.
Totalbildet Nordea Markets teiknar opp for i år og dei to neste åra er eit der dei viktigaste pilene peikar i rett retning: Den økonomiske veksten tar seg kraftig opp, både på fastlandet og i oljerelatert sektor, oljeinvesteringane kan så vidt begynne å vekse, det private forbruket er venta å halde seg stabilt høgt og arbeidsløysa skal falle jamt og trutt til 3,8 prosent i 2019.
LES OGSÅ: Spår brutal krise
Inflasjonen vil rett nok halde seg låg – 1,5 prosent i år og 1,2 prosent i 2018 og 2019 – men for dei aller fleste av oss betyr det mest sannsynleg at vi får betre kjøpekraft, sjølv om lønnsoppgjera venteleg blir moderate.
Og sidan styringsrenta til Noregs Bank blir sett etter det såkalla inflasjonsmålet, som har til hensikt på halde inflasjonen i Norge stabil på 2,5 prosent, ser ikkje Bruce for seg nokon renteauke før tidlegast i 2019, og då som følgje av at den europeiske sentralbanken hevar sitt rentenivå.
LES OGSÅ: Åtvarar mot framtida