Åtvarar Noreg mot framtida

OECD: Norsk velstand kan skjule slakk produktivitet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

All velstanden i Noreg kan skjule at produktiviteten blir mindre, åtvarar OECD.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling slår i den nye rapporten sin fast at fornuftig pengepolitikk og forvaltning av oljerikdommen har ført til at Noreg kom bra ut av finanskrisa, og at norsk økonomi er godt sikra. Men framtida kan bli meir komplisert, blir det peika på i rapporten, som inneheld både anbefalingar og kritiske vurderingar.

– For å halde oppe vekst i levestandarden idet petroleumsproduksjonen fell, trengst ein blomstrande gründerkultur for å oppdage og utnytte moglegheiter og trekkje til seg risikovillig kapital og andre ressursar, skriv OECD. (©NPK)

Les meir hjå Finansdepartementet!