Norsk trans*ungdom får posttraumatisk stressjukdom av skulekvardagen. – Trans* må inn i på læreplan og timeplan, seier både forskaren og aktivisten.

Førre veke starta norske barn på skulen, og for nokre av dei vert skulestarten tøffare enn andre. Forsking syner at barn som er usikre på eigen kjønnsidentitet sliter i norsk skule. Dette er barn som heilt eller delvis, alltid eller av og til, føler dei har eit anna kjønn enn dei har fått tildelt ved fødselen.

– Fleire av informantane mine sa det same: Hadde læraren visst meir, hadde det vore enklare, seier Janneke van der Ros. Ho er kjønnsforskar og forfattaren bak rapporten «Alskens folk» som kom i vinter.

Rapporten er den første levekårsundersøkinga med trans*folk som fokus. Den syner at trans*ungdom opplever mobbing, diskriminering og kunnskapsløyse i skulen, og at dei har høg risiko for lærevanskar, depresjonar, posttraumatisk stressjukdom og sjølvmord. Og for mange er skulen vanskelegaste plassen å vere på.

LES MEIR: Fristad for trans*ungdom

Diskriminering, mobbing, kunnskapsløyse
Sjølv om berre 1 av 50 000 har diagnosen transsekualisme og få søkjer kjønnsbekreftande behandling, er det langt fleire som lever med mentalt eller kroppsleg ubehag knytta til kjensla at det kjønnet dei er blitt tildelt kjenst feil. Heile fem prosent av dei spurde i ei nederlandsk undersøking fortalde at dei var usikre eller ambivalente til sin kjønnsidentitet.

Det syner at mange opplever usikkerheit og ubehag, sjølv om dei ikkje treng å ville endre kjønn av den grunn. Kanskje berre vise seg i eit anna kjønnsuttrykk, kle seg eller te seg annleis enn dei andre. 
– Desse ungdomane er veldig sårbare. Det gjeld både dei som er synlege og dei som er usynlege, fortel ho.

– Dei som er synlege, dei som er komen ut som trans*folk, risikerer både mobbing og avvising, medan dei som er usynlege, og som altså gøymer og undertrykke kjønnsidentiteten sin har auka risiko for lærevanskar, depresjon og sjølvmord.

– Uansett kva meistringsstrategi desse ungdomane vel, så er dei i ein uhyre komplisert situasjon. Ofte veit dei lite sjølv om kva som er «feil» – dei berre føler at dei ikkje passer inn i dei vanlege «boksane», seier ho.

Utfordringar for skeive ungdomar
I Skeiv Ungdom kjenner dei problemstillinga godt. I organisasjonen har dei fleire medlem med som er trans* eller har utfordringar knytte til kjønnsidentiteten sin. I sommar organiserte dei sin første eigne leir for denne gruppa, der omlag femti ungdomar deltok.

Leiar i Skeiv Ungdom, Line Halvordsrud, fortel at deira medlem har store utfordringar i møte med kunnskapsløysa og stilla om trans* og kjønnsidentitetstematikk på skulen.

– Det er eit nærast ikkje eksisterande tema, det vert ikkje prata om det og det finst ikkje kunnskap, seier hen. «Hen» er eit kjønnsnøytralt pronomen som Line sjølv ønskjer brukt om seg, heller enn «ho» eller «han».

Line meiner at skulen i stor grad er med på å reprodusere dei tradisjonelle kjønnskategoriane og førestillingane om at gutar er sånn og jenter er sånn.  Noko som kan bli eit problem for dei som heilt eller delvis, alltid eller av og til ønsker å uttrykke seg i eit anna kjønnsuttrykk enn det samfunnet ventar av dei.

– I skulen er det vanleg å dele inn i jentegrupper og gutegrupper, du har jente- og gutegarderobar og det er på førehand avgjort kva av desse vi skal høyre til i. Du kan sjølv tenkje deg korleis det er å leve i ein kvardag kor du ikkje vert omtalt, og kor heile systemet er lagt opp som om du ikkje finst, sukkar hen.

– Det blir ein gjenteken påminning som på eit vis seier at du ikkje er som du burde, fordi du ikkje passar inn i systemet. Det blir så klart ei påkjenning over tid.

LES MEIR: Homofile får dårlegare løn

Skulen hemmar elevane
Skal det bli lettare å gå på skulen for trans*ungdom eller ungdom som har utfordringar med kjønnsidentiteten, må mellom anna lærarane få meir kunnskap, meiner dei to.

– Det bør både inn i læreplanen, men òg inn i lærarutdanninga, så lærarane har kompetanse til å snakke om dette, seier van der Ros.

Line er samd. Dei meiner begge at det er kunnskapsløysa – ikkje motvilje – som er den største utfordringa.

– Dette må leggast inn i rammeplanane for lærarutdanninga. Vidare bør det bli laga rettleiarar som kan bli sendt ut til skular og barnehagar i Noreg. Det er laga rettleiarar for barnehagetilsett om å ikkje forskjellsbehandle jenter og gutar, men det seier seg sjølv i ein slik kontekst at dette ikkje held mål, seier Line.

Nye haldningar med ny kunnskap
Van der Ros understrekar at det er viktig med kunnskap for å endre haldningar.

– Lærarane må ha ei meir spørjande haldning til kjønn og kjønnsidentitet, og vere meir romslege. I undervisinga bør det kome fram at det finst folk som byter kjønn, folk som føler seg komfortable med å kle og te seg som eit anna kjønn enn dei er tildelte ved fødselen, i tillegg til folk som ikkje ønskjer å blir definert som eit av to kjønn.

For Line er det viktig å understreke at lærarane bør lære om kjønn generelt og ikkje berre kjønnsidentitetstematikk spesielt.

– Lærarar (og andre i skulen) få kunnskap om kjønnsnormar og korleis desse reproduserast og hemmar barn. Korleis språket vårt er svært kjønna, korleis vi kva vi forventar av barn er forma av kva kjønn vi trur dei er, og korleis ein som lærar kan ha ein praksis kor ein ikkje forskjellshandsamar og hemmar barna på bakgrunn av kjønn, seier Line.

LES MEIR: – OL ut av Russland!

Vil ha trans* på timeplanen
Van der Ros meiner det er mange fag der fokus på kjønn vil passe godt inn i undervisinga.

– Heilt opplagt er jo seksualundervisinga. Då bør ein snakke både om seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitetar. Men det er òg mange andre fag der det kunne passe inn. I samfunnsfag ville det til dømes vere interessant å spørje «kva er kjønn?» Det kan kanskje høyrest ut som eit enkelt spørsmål, men når ein byrjar å tenkje over det er ikkje svaret så enkelt, seier ho.

– Dessutan burde kjønn og kjønnsidentitet inn kvar gong ein snakkar om minoritetar, saman med alle dei andre. Om ein snakkar om religion, etnisitet og seksuell orientering, kvifor ikkje ta med kjønn òg?

Blir trans*folk og kjønnsidentitet noko det vert snakka meir om i skulen, blir det kanskje litt lettare for ungdom som kjenner seg utanfor, trur van der Ros.

– Det er kanskje ønsketenking, men eg trur mange ungdomar vil bli greiare med kvarandre om dei veit meir, og om trans* er noko dei møter på ein meir vanleg måte i undervisinga. Då blir det gjerne mindre mobbing.

Kunnskapsdepartmentet på saka
I Kunnskapsdepartementet kjenner dei seg igjen i skildringa til van der Ros og Halvordsrud.

– Undersøkingar, som til dømes Elevundersøkelsen, støtter opp om det rapporten ”Alskens folk” peikar på, nemleg at skulen framleis har utfordringar med mobbing og trakassering blant anna på grunn av kjønn og seksuell legning, seier Elisabeth Dahle, statsekretær i Kunskapsdepartementet.

Ho ser likevel ikkje noko naudsyn for å få trans* og kjønnsidentitet som tydelegare tema på læreplanen – fordi ho meiner dei allereie er der, og er blitt styrak.

– Vi har styrka kompetansemåla i læreplanane når det gjeld kunnskap om eigen seksualitet og grensesetting. LHBT- tematikk skal ikkje berre omhandle problem, men også handle om kjærleik, forelskelse, normalisering av eit mangfald i kjønnsidentitet og familieformer, og bryte ned ”de andre” og ”oss” bås-settinga. Viønskjer også å styrkje merksemda om ulike former for krenkingar, blant anna knytta til seksualitet, seier ho.

Ho fortel at departementet i fjor gav Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gå gjennom relevante læreplanar, for å vurdere om kompetansemåla kunne framheve dette meir. Målet med ei tydeleggjering var å fremje elevane sine haldningar mot vald og krenkingar, vald knytt til seksualitet og vald i nære relasjonar.

– Denne revisjonen av læreplanmåla er no gjennomført og måla for elevane sin kunnskap om vald, krenkingar, vald knytta til seksualitet og vald i nære relasjonar er difor framheva meir i kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn og Vg1 /Vg2. Endringane gjeld frå skuleåret 2013/2014, seier ho.

LES MEIR: Skeiv litteratur til folket!

Dei med støtte klarer seg godt
Sjølv om arbeidet med «Alskens Folk» synte van der Ros at mange trans*ungdom har det vanskeleg i oppveksten, understrekar ho at ikkje alt er mørkt for denne gruppa.

– Å vokse opp er ein stor belastning for denne gruppa, men dei som kjem seg gjennom utfordringane i skule og oppvekst får gjerne ei stor styrke. Espen Ester Pirelle Benestad snakkar om «talent» som desse menneska ofte utviklar – det er styrke,  visdom og rausheit i vere annleis. 

Kva kjenneteiknar dei som klarer seg godt?

Dei som klarer seg best er dei som har gode førebilete. Å kjenne andre trans-talent gjev styrke og mot til å vere seg sjølv, avsluttar ho.

LES MEIR: Transformatoren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46
ANNONSE