Rettferdig, men streng asylpolitikk?

Agnes Hoshovde Bernes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er fire parti som styrer asylpolitikken på Stortinget i dag: Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det er desse partia som sikrar fleirtal for den asylpolitikken me har i dag.

Desse partia framstiller ofte politikken dei fører som rettferdig, men streng. Eg er einig i at den er streng, men rettferdig, det er den ikkje!

Agnes Hoshovde Bernes er leiar i Hordaland Unge Venstre. Foto: Privat

Barnevernet må ta over

Eit døme på at denne politikken ikkje er rettferdig er måten me behandlar einslege mindreårige asylsøkjarar på. Det 326 mindreårige asylsøkjarar som har mellombels opphald i Noreg i dag. Desse barna blir ofte sitjande på mottak i fleire år, før dei blir sendt ut av landet den dagen dei fyller 18 år.

Mange av dei får i tillegg ikkje god nok oppfølging, fordi mindreårige asylsøkjarar mellom 15 til 18 år ikkje går under barnevernet sitt ansvar, men under UDI sitt. Dette er barn, og dei burde ha like rettar som alle andre barn på deira alder.

Det er derfor uforståeleg for meg at barnevernet ikkje skal ha ansvaret for desse barna, når det er dei som har den kunnskapen som skal til.

Ingen snuoperasjon

Det var den raudgrøne regjeringa som innførte at ein kunne gje midlertidig opphald til asylbarn. På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i år kunne det sjå ut som partiet hadde ombestemt seg, då fleire tok til ordet og var bekymra for dei mindreårige asylsøkjarane.

Dette var diverre ikkje nokon snuoperasjon, då vedtaket verken vart ei lovendring eller ein regelendring, men noko så lite konkret som at ein skal prøve å avgrense bruken av mellombels opphald.

I 2016 innførte denne regjeringa med hjelp av Arbeiderpartiet og Senterpartiet, at ein skulle fjerne det ein kalla «rimelegheitskravet», dette gjorde det  lettare å senda asylsøkjarar  til internflukt i et krigsherja heimland. Dette har ført til at fleire hundra asylbarn no sitt og venter på at dei skal bli sendt ut den dagen dei fyller 18 år.

Gje barna framtida

For meg verkar det rart at desse partia kan kalle ein politikk der ein sender barn ut av landet til krigsherja land som rettferdig. Desse barna fortener ein oppvekst med trygge rammer, dei fortener omsorg og dei fortener å vekse opp i eit land med fred.

Det er på tide at me fjernar ordninga med mellobels opphald for mindreårige asylsøkjarar slik at me kan gje desse barna den barndommen og framtida dei fortener.