Færre stortingsdokument på nynorsk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskdelen i proposisjonar, stortingsmeldingar og andre dokument som dei folkevalde får frå regjeringa, var i 2012 godt over målet på 25 prosent, men har falle ein heil del etter den tid.

– Vi ventar at departementa ser på rutinane sine slik at tala kjem opp mot målet på 25 prosent igjen, skriv Språkrådet i tilstandsrapporten “Språkstatus”.

Departementa auka likevel bruken av nynorsk i dokument på under ti sider til 20,1 prosent. Det gjorde dei frå eit historisk lågmål på berre 15,1 prosent året før.

For lengre dokument auka samtidig nynorskprosenten kraftig frå berre 5,9 prosent til 15,8 prosent, mykje på grunn av dokument laga i samband med kommunevalet i 2015, ifølgje Språkrådet.

LES OGSÅ: Nynorskpolitikarane snakkar enklast

Statsorgana brukte elles mindre nynorsk på nettsidene sine i 2015 enn året før (frå 15,2 til 14,8 prosent), men auka nynorskinnslaget i sosiale medium (frå 13,5 til 14,7 prosent).

Knapt ein tredel av statsorgana oppfylte elles krava i mållova i korte og lengre tekstar i 2015, slik som stillingsutlysingar og årsrapportar. Det var færre enn i åra før, og jamt over fall bruken av nynorsk noko i både for korte og lange tekstar.

LES OGSÅ: – Nynorskfråvær på Stortinget uverdig