Partia er som eit kaotisk landskap

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, eg trur det, svarar Ylva Øyehaug Opsvik (19) på spørsmålet om ho vil nytte stemmeretten sin ved stortingsvalet til hausten.

Kvifor vil du stemme?
– Eg vil stemme fordi det er viktig å delta i samfunnet og vise at ein bryr seg – vise at alle stemmer har noko å seie.

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
– Ja, det tykkjer eg. Eg opplever dei forskjellege partia som forvirrande, og det er eit litt kaotisk landskap for meg. Det er mykje å setje seg inn i. 

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?
– Skulle gjerne, om eg hadde visst kva parti eg vil stemme på.

LES OGSÅ: Stor sjanse for blåblå siger

Kva saker er viktige for deg?
– Viktige saker for meg er, naturleg nok, saker som har med ungdom, skule og studentar å gjere. Det at elevar får skikkelig skulegang. Helse, innvandring og miljø, er også saker som er viktige for meg.

Kven påverkar deg i valet av parti?
– For det meste meg sjølv og det eg tolkar frå dei forskjellege politikarane. Nære kretsar som familie og venar har også noko å seie.

LES OGSÅ: Politikk for fantasifulle

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?
– Ikkje som eg har tenkt over.

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?
– Både og. Nokre gongar berre ein av alternativa, andre gongar begge.

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
– Nei.

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
– Ehh. Veit ikkje.

LES OGSÅ: – For menn flest

Faktaboks

Namn: Ylva Øyehaug Opsvik

Alder: 18

Kjem frå: Ørsta 

Hobbyar: Musikk og film