Førstegongsveljar: Matilde (19) ser ikkje endringa ho vil ha i norsk politikk

For Matilde Marjala er den viktigaste saka at det vert teke politiske grep for å løyse klimakrisa.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. 

– Den politiske situasjonen i verda er skummel og det synest eg er litt kjipt første gong eg skal stemma, seier Matilde Marjala i forkant av sitt første stortingsval.

20-åringen har allereie stemt ved eit lokalval og hugsar godt datoen. Ho fylte 18 år på sjølvaste valdagen. Det var òg dagen som markerte 700 dagar sidan høgsterettsdommen som slo fast at staten braut med rettane til samane knytt til å utøva sin eigen kultur då dei godkjente oppføringa av vindmøller i reindriftsområde på Fosen i Trøndelag.

 

Matilde Marjala

Alder: 19

Frå: Bergen

Skule/jobb: Akkurat ferdig med eit år på Sund folkehøgskule på linja solidaritet nord-sør. Har tenkt å studera til ingeniør elektrifisering og digitalisering i Trondheim

Hobbyar: Då eg budde heime var eg veldig glad i å klatra. Vil seia Natur og Ungdom var ein hobby. Glad i handarbeid.

Sosiale medium: TikTok, Instagram, YouTube, Snapchat

For Fosen

– Eg har vore ganske sur på Arbeidarpartiet på grunn av Fosen. Den forskjellen eg har lyst på finst verken i Arbeidarpartiet eller i Høgre.

Ho har samiske røter, som har gjort engasjementet i Fosen-saka ekstra sterkt. Ei sak ho meiner gjer ein bevisst på at den norske staten kjem til å halda fram med overtramp overfor samane.

– Eg trudde ikkje at eg kom til å oppleva det. Det at eg fekk sjå det fekk meg til å tenkja at dette er verkeleg ikkje rettvist for nokon, seier Marjala.

Ho har brukt stemma si som tidlegare leiar i Natur og Ungdom i heimbyen Bergen.

Matilde Marjala er trygt plassert på venstresida. | Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Ung favoritt

– Har du gjort deg opp ei meining om kva du vil stemma?

– Nei, ikkje eigentleg, men eg kjem jo til å stemma på venstresida.

Matilde peikar på MDG i Hordaland sin toppkandidat, Frøya Skjold Sjursæther, som ho reknar med vil kunna løfta klimasaka høgt.

– Enkeltpersonar sine prestasjonar som eg veit vil nytte er òg verdifullt, understrekar ho.

Aktivist

Marjala synest politikk er veldig interessant, men skildrar det som meir skummelt og viktig, enn gøy.

– Eg har følt at eg har ikkje noko val når det kjem til å ytra seg og bli opplyst. At det er ei plikt.

Ho synest likevel det er gøy å aksjonera saman med andre for å prøva å få til endring og føla at ein gjer noko viktig.

19-åringen er nettopp ferdig med eitt år på folkehøgskule. Der diskuterte ho ein del politikk med læraren sin, men ho vil ikkje pressa sine meiningar på andre medelevar.

– Om eg får spørsmål så kjem eg til å svara, men eg likar ikkje så godt å ta plutselege politiske diskusjonar. Eg er ikkje den som skal svara for nokon, understrekar Marjala.

Politisk påverknad

Dei politiske synspunkta hennar er mellom anna påverka av bestevenninna Miriam, som var med å leia Natur og Ungdom i Bergen.

– Ho er vanvettig smart og eg likar å få synet hennar lagt fram. Slike menneske som ikkje vil påverka meg til ditt og datt synest eg det er veldig tryggjande å høyra på, forklarar Marjala.

Ho likar å lesa seg opp på noko og så presentera det for nokon som kan mykje og høyra dei utdjupa litt. Det kan til dømes vera far hennar, som ho kan diskutera kjernekraft med.

Marjala likar å lesa Klassekampen og sjå på nyheiter. Natur og Ungdom òg vore ei viktig kjelde til informasjon. I tillegg har organisasjonar som jobbar for og imot EU, Vest-Sahara og Sudan gjesta folkehøgskulen.

Ufruktbare skuledebattar

Ho synest ikkje skuledebattane frå tidlegare skulegang har vore særleg verdifulle med tanke på å gjera seg opp eit val.

– Om du ikkje alt er litt påverka politisk, så har du verkeleg ingen idé. Den einaste grunnen til at eg har fått noko ut av det er at eg alt har eit lite standpunkt å gå etter. Medan for alle andre som ikkje har hatt det, så vert det berre tomme ord og ein anar ikkje kva ein skal meina. Om du får ei nøytral framstilling av ulike saker, så er det heilt umogleg å veta kva som er rett og gale.

Ho likar å diskutera politikk med personar som har ein annan politisk ståstad.

– Då veit eg at om eg er ueinig så er eg ueinig på ekte, om eg får høyra den sida av ei sak og forstå at eg ikkje er einig. Det synest eg er veldig verdifullt.

Raud familie

Marjala har to foreldre som begge stemmer Raudt, og nokre gongar skulle 19-åringen ynskja at ho var like radikal som mora.

– Mamma og storesystera mi vil eg seia er meir radikale enn meg.

Ho peikar på at mora er negativ til kjernekraft fordi ho meiner at dersom me løyser energikrisa, så vil det oppstå ei ny krise knytt til forbruk. Marjala er einig i at det kan skje, men meiner at dette ikkje bør vera eit hinder for at me løyser den krisa me står i.

– Det er liksom viktig at me ikkje berre sparar energi. Me må ta tak i fleire sider av problema.

Acer og EU

For Marjala er den viktigaste saka at det vert teke politiske grep for å løyse klimakrisa, slik at ansvaret ikkje vert lagt over på den enkelte. Ho er sterk motstandar av elektrifisering av Melkøya og meiner at gevinsten av eventuelle kjernekraftprosjekt skal koma fellesskapet til gode.

– Det vert viktig for meg å gjera meg opp ei meining om Acer-pakke 5 og EU-spørsmålet. Slike spørsmål vert viktige for meg å ta stilling til før eit stortingsval, seier Marjala, som kan synest det er vanskeleg å bli hundre prosent sikker.

Men er det éin ting ho veit, så er det at ho vil ha ei regjering som jobbar for eit fritt Palestina, sjølv om ho synest det høyrest utopisk ut.

Marjala synest at dei som er eldre enn ho oftare fokuserer på å løysa kriser på kort sikt, framfor korleis verda skal sjå ut om fleire generasjonar frå no.

– Korleis verda skal sjå ut når eg er i den alderen at eg skal få barn er jo det som er viktig for meg.

 

Matilde Marjala likar å setja seg inn i politiske saker. | Foto: Matilde Marjala

Om prosjektet

Fyrstegongsveljar er ei fast spalte før stortingsvalet 2025. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. Prosjektet er støtta av Bergesenstiftelsen.