Førstegongsveljar: Sondre (18) tenkte ikkje så mykje på politikk då han var yngre

Fram mot valet vil han sjå seg opp på debattar for å bli kjent med politikarane.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. 

– Eg føler at du får mykje i retur for å gjere minst mogleg. Det er jo ikkje fysisk vanskeleg å stemme, men det har stor påverknad på samfunnet eg bur i.

Sondre Akselsen Lie

Alder: 18

Frå: Greverud i Nordre Follo kommune

Skule: Roald Amundsen videregående, studiespesialiserande med fordjuping i realfag

Verv/organisasjon: Ingen

Hobby: Eg er veldig glad i å vere saman med vennar. Vennane mine og eg spelar ofte mykje saman. Når det kjem nye spel pleier vi ofte å gjere det saman.

Sosiale medium:  TikTok, Snapchat og YouTube

 

Framtida.no møter Sondre Akselsen Lie på heimeplassen Greverud i Nordre Follo kommune eit par dagar etter at han har tatt sommarferie frå skulen.

18-åringen som nettopp er ferdig med andreklasse på Roald Amundsen videregående skole, står overfor sitt første stortingsval.

Han synest det er litt overveldande å skulle setje seg inn i alt, og innrømmer å ikkje å ha tenkt så mykje på politikk då han var yngre.

– Men no som eg faktisk har moglegheita til å stemme, så tenker eg jo at eg skal gjere det. Då må eg finne ut av kva eg tenker er riktig og korleis eg tenker at samfunnet skal vere.

Handlar om å forstå kvarandre

Når Framtida.no møter 18-åringen for å snakke om å skulle stemme for første gong er det ikkje meir enn to veker sidan han vart myndig. Lie meiner at viss ein er gamal nok til å drikke alkohol og køyre bil, er det òg på tide å vere med å stemme.

Han ser for seg å studere noko innan realfag etter vidaregåande. På fritida likar Lie å spele saman med vennar. Politikk er ikkje noko dei pleier å diskutere saman.

– Eg har ein kompis som går i klassa mi som er i ungdomsrådet, og han kan eg diskutere litt med, men det er ikkje ein sånn ting eg pleier å gjere med vennar.

– Kva trur du er grunnen til det?

– Eg veit ikkje heilt. Det er jo hemmeleg val, så det kan hende at ein tenker at det derfor ikkje er noko poeng i å diskutere. Men det er jo det, for det handlar om å sjå kvarandre sine perspektiv for å både forstå kva andre tenker betre og forstå kva ein sjølv tenker betre.

Framleis opent

Kva parti Lie skal stemme på, er framleis ganske opent.

– Eg har ikkje følgd med så mykje på debattar og sånn, men eg har opp gjennom skulen, i samfunnsfag og sånn, fått ei lita forståing av kvar ulike parti står. Så eg har ei lita aning om kva for fem-seks parti eg kanskje lener meg meir mot enn nokon av dei andre.

18-åringen tok ein valomat for ei stund sidan.

– Eg fekk det eg trudde det skulle ligge på, men det var ganske likt mellom mange av partia. Det var fleire av dei som hadde ganske høg prosent.

Fram mot valet vil han lese seg meir opp på kva partia står for å bli sikrare på kva han skal stemme.

– Og sikkert sjå på nokre debattar, for då blir du også kjent med personane som står bak kva partia meiner.

Uroa for fråværsgrensa

– Synest du politikk er spanande?

– Eg synest det er litt ork å bry meg sånn veldig, men eg gjer jo det. Det er ein del saker eg føler er viktig, sjølv om eg ikkje påverkar dei direkte.

Noko av det Lie er ekstra oppteken av, er saker som angår skule. Han trekker fram fråværsgrensa.

– Sjølv om eg ikkje har så mykje sjukefråvær sjølv, så har eg ein del medelevar som er på kanten til å stryke på grunn av fråværsgrensa.

Han veit ikkje heilt kva ein skulle gjort for å fikse problemet, og skjønnar føremålet med fråværsgrensa, men synest ikkje ho funkar.

Sondre Akselsen Lie frå Greverud skal byrje i tredje klasse på vidaregåande til hausten. Han er oppteken av saker som handlar om skule. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Det er ikkje alltid representativt overfor eleven. Ti prosent er jo ikkje så mykje, i alle fall ikkje i mindre fag. Er du borte i to gymtimar, så ryk plutseleg karakteren viss du ikkje har legeerklæring.

I 2016 innførte Høgre- og Frp-regjeringa ei ny fråværsgrense i den vidaregåande skulen. Elevar med meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, får som hovudregel ikkje karakter i faget. Den noverande regjeringa har valt å vidareføre fråværsgrensa på 10 prosent, men frå skulestart til hausten kan opp til 10 prosent sjukefråvær meldast av eleven sjølv utan legeattest.

TikTok og VG

Lie er mest oppteken av politikk i Noreg, fordi det er det som vil ha mest umiddelbare konsekvensar for han og dei rundt han.

– Men det er jo ein del store ting elles som skjer rundt om kring i verda som eg har formeiningar om.

Nyheitene får han for det meste frå TikTok, der han mellom anna følgjer kontoen til VG. Aviser les han av og til.

– Eg pleier ikkje å gjere det veldig mykje, men det er nok noko eg kanskje bør byrje med. For der er det faktisk journalistar som lagar innhaldet, og dei kan jo det dei held på med.

Foreldra kjøper ein del papiraviser, men Lie føretrekker å lese nettaviser. Då går det mest i VG, fordi det er gratis. Sakene han klikkar seg inn på handlar mykje om krig og det som føregår i omverda, som i Ukraina og Palestina.

– Eg føler at det er såpass store problem at det er lurt for meg å forstå kva som skjer og kunne setje meg inn i det.

Underbevisst påverknad

– Kven trur du påverkar dei politiske haldningane dine mest?

– Eg blir jo openbert påverka utan at eg sikkert tenker over det, men eg føler ikkje at eg blir så veldig påverka av TikTok og sånne ting. Men det kan godt vere at eg blir underbevisst påverka utan at eg tenker over det sjølv.

Lie føler ikkje familie og vennar har direkte innflytelse på dei politiske meiningane hans.

– Ingen er sånn «dette partiet bør du stemme på», men det er jo ting dei står for som eg tenker over, og finn meir ut av kva eg sjølv synest.

Skuledebatt

Lie har ikkje hatt så mykje om stortingsvalet på skulen, men han reknar med det blir meir når det nærmar seg. Valdagen er måndag 8. september.

Vidaregåandeeleven minnest at det var debatt på skulen med medlemmar frå ungdomsparti i samband med kommune- og fylkesvalet då han gjekk i førsteklasse. Han reknar med at det vil bli noko liknande når han startar i vg3 over sommaren.

– I vg1 hadde vi samfunnsfag, og då diskuterte vi kor forskjellige parti står. Det har gjort at eg har tenkt meir på politikk i ettertid. Men i vg2 har vi ikkje sett av noko særleg tid til å jobbe med sånne ting.