Emilie (18) har teke valomat: – Trur eg vil lesa meg litt meir opp før eg bestemmer meg

Unge i alderen 17–24 år tek oftare valomat enn eldre, og vert i større grad påverka av resultatet. Men kor treffsikre er desse valomatane?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. 

– Då eg tok valomat for to år sidan så sa den MDG. 80 prosent stemte overeins. Det er det eg har tenkt, for eg trur ikkje så mykje har endra seg, seier Emilie Moldestad til Framtida.no.

18-åringen frå Bergen er snart i hamn med studiespesialiserande linje på Amalie Skram videregående i Bergen, og er ein del av Framtida.no sin serie «Førstegongsveljaren».

Då Framtida.no møtte ho for å snakka om korleis det er å stemma for første gong, hugsa ho godt kva ho fekk på valomaten før kommunevalet i 2023, då ho framleis var for ung til å stemma.

Bak Miljøpartiet Dei Grøne fekk ho Sosialistisk Venstreparti som ein «god nummer to».

2,4 millionar tok NRK sin valomat

Moldestad synest politikk er interessant og følgjer med i regionavisa Bergens Tidende og på NRK radio sine sendingar.

Men ho er langt frå åleine om å ta valomat for å gjera valet enklare. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2023 vart NRK sin valomat teken heile 2,4 millionar gonger, ifølgje Nynorsk pressekontor.

I Lokalvalundersøkinga same år svara 7 av 10 i alderen 17–24 år at dei hadde teke ein valomat på nettet. Av desse svara 80 prosent at valomaten hadde hatt betydning for valet deira.

Unge brukar valomatane i større grad enn eldre, og let seg i større grad påverka av resultata, viser forskinga.

Valomaten konkluderer

Ifølgje forskarane frå Institutt for samfunnsforsking (ISF), som står bak Lokalvalundersøkinga tyder forskinga på at bruk av valomatar kan føra til at folk i større grad brukar stemmeretten, og at valomatar også kan påverka kva parti folk stemmer på.

– Det kan sjå ut til at effektane er størst blant unge og personar med lågare utdanning og politisk interesse, skriv dei.

Forskarane viser vidare til at valomatane er omdiskuterte fordi svara er avhengige av føresetnadane som er lagt inn i valomatane når det gjeld kva saker ein får spørsmål om, korleis påstandane er formulert og korleis dei vert vekta.

– Sjølv om det å bruka ein valomat kan reknast som ei aktiv form for informasjonsinnhenting samanlikna med å bli eksponert for nyheiter, er det likevel òg slik at det er valomaten som trekker konklusjonen for veljaren. Dette kan bety at veljaren går glipp av viktige moglegheiter til å reflektera og tenka sjølv, meiner forskarane.

I år har NRK sin valomat fått kritikk for å utelata spørsmål om bistand.

– Veit at det ikkje er fasit

Òg Ivan Jahren hugsar godt valomatane frå førre lokalval, som skulen oppmoda elevane til å bruka.

– I skuleoppgåver vart me oppmoda til å bruka valomat for moro skuld, så eg hugsar at det har vore der.

19-åringen er no i gang med arbeidslivet som CNS-operatørlærling ved Almek industri i Horten.

Han har fått stemmerett sidan førre val og fortel at han blir mest påverka av venene sine, men har tatt to valomatar og lese seg opp på alle partia sine sider.

– Eg fann ikkje noko valomat for 2025, men eg brukte den førre. Eg må kanskje ta den nye no.

– Blei du overraska over konklusjonen til valomaten?

– Ein smule. Men eg veit at det valomaten seier ikkje er fasit. At eg ikkje MÅ stemma det den meiner. Eg gjorde meir research, og såg at resultata kan stemma litt, men eg veit ikkje om eg vil stemma på akkurat dei.

«Kvifor er dette viktig?»

Førre gong ho tok valomat minnest Emilie at det var veldig mange påstandar å ta stilling til.

Årets NRK-valomatar er delt i to: ein generell og ein personleg. Valomatane presenterer 18 parti og 300 spørsmål, som ikkje alle brukarane svarar på.

Emilie Moldestad har testa NRK sin valomat òg i år.

– Kva synest du om spørsmåla i valomaten?

– Nokre var veldig ålreite og enkle å ta stilling til, andre var eg sånn «kvifor er dette viktig?» eller «kva handlar dette eigentleg om?». Påstandane blir veldig anten-eller, og det kjem ofte dårleg fram kva som er alternativa, eller kva konsekvensar det vil få. Og eg føler det manglar ein indikasjon på kor viktig eit spørsmål er for partia, og for meg sjølv. Eg kan vera aldri så einig med eit parti i ei sak, men om partiet då ikkje prioriterer den saka uansett vil jo det ha lite å seia, peikar ho på.

I den personlege valomaten frå NRK føler ho at heilskapen forsvinn.

– Det som kanskje kan vera lurt her er å velja alle temaa bortsett frå dei du verkeleg gir blaffen i. Men igjen, då blir du sitjande med påstand etter påstand til du er lei.

Vil lesa meir

– Var du einig i resultatet?

– Eg trur det? Det var ikkje så mykje som hadde endra seg frå sist gong. Men eg trur eg vil lesa meg litt meir opp på kva saker dei ulike partia vil kjempa mest for før eg bestemmer meg helt.