Ungdomskandidat i SV tar eit oppgjer med NHO

Anna Sofie Ekeland Valvatne meiner NHO må skjøna at oljeeventyret er i ferd med å ta slutt.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 13.09.2019 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) inviterer ofte stortingskandidatar til møte med medlemsbedriftene sine i samband med stortingsvalet. 4.kandidaten til SV i Hordaland, Anna Sofie Ekeland Valvatne, har vore med på møte med NHO i Hordaland og fleire bedrifter innan olje og gass.

– Det er slike møte der ein ofte nikkar til det ein er einig i. Men eg klarte ikkje å finna éin ting som eg var einig i.

– Dei ville berre snakka om veg og olje og at dei ikkje vil reversera arbeidsmiljølova og høvet som dei har fått til å ha folk i mellombelse stillingar.

– Angrep på ungdom og arbeidarar

– Eg synest det er eit angrep på ungdommen og arbeidarane. Arbeidarane i bedriftene ønskjer ikkje mellombelse stillingar. Og for ungdommen: eg synest ikkje det er noko framtidsretta og basera nye arbeidsplassar på olje og gass.

Nesten 300.000 arbeidsplassar er knyta til olje og gass. Berre til neste år er det rekna at oljeselskapa skal investera over 140 milliardar kroner på norsk sokkel. Kva kan vera stort nok til erstatta det?

– Bedriftene seier at viss me seier kva dei skal bygga, så gjer dei det. Eg synest dei bør vera meir på hogget.

Fleire elferjer

Ekeland Valvatne meiner det bør byggast fleire elferjer i Noreg.

I løpet av eitt år har Fjord1 bestilt hybridferjer for minst 2,3 milliardar kroner, ifølgje Nett.no. Fleire av dei skal byggast i Tyrkia. Ekeland Valvatne kunne ønskt at fleire blei bygt i Noreg.

– Ingenting er så vakkert som ei elferje som legg til kai og ladar seg av seg sjølv. Der er det arbeidsplassar som er miljøvenlege.

Strengare krav

LO og NHO har samla seg om fem krav som dei har sendt til dei politiske partia. Mellom anna ønskjer dei nye område å leita etter olje og stabile skattereglar som gjev petroleumsselskapa tryggleik til å investera i norske arbeidsplassar.

Anna Sofie Ekeland Valvatne tar med seg eitt råd ho fekk frå NHO-møtet hos Wärtsilä på Stord. Industribedrifta er langt framme når det gjeld miljøvenlege framdriftssystem for skip.

– Der sa Wärtsilä at politikarane må stilla strengare utsleppskrav og gjera det lønsamt å velja grønt, fordi det kan skapa ein marknad for grøn teknologi. Det er eg heilt einig i.

– Og så må ein hugsa på at grøne jobbar ikkje berre er industrijobbar. Det kan vera alt frå helseteknologi til reiseliv.

NHO: – Synleggjer utfordringar

Regiondirektør i NHO Hordaland Tom Knudsen svarar slik på kritikken:

– Me har arrangert møte der me har invitert medlemsbedriftene våre til å møta stortingskandidatane og fortelja om tre utfordringar og tre mulegheiter. Kandidaten til SV kan gjerne lika eller mislika det bedriftene legg fram, seier han, og lovar at NHO samlar opp tilbakemeldingane frå bedriftene og oppsummerer desse overfor politikarane.

Les alt om stortingsvalet her!