Desse ungdomspartia vil avskaffa BSU-ordninga
Fleire ungdomspolitikarar vil ha slutt på sparefordelar for unge med pengar i banken, melder VG.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– BSU fungerer i praksis som ei overføring frå dei som har lite til dei som har mykje, fordi det først og fremst er dei som har råd til å spara mykje pengar som kan nytta seg av ordninga, seier Unge Venstre-leiar Tord Hustveit til VG i dag.
Ungdomspartiet tar til orde for å avvikla ordninga med bustadsparing for ungdom (BSU), og vil heller kutta i skatten for dei med låge inntekter.
9 av 10 er for
Ei fersk spørjeundersøking som Ipsos har gjennomført for Norske boligbyggelags landsforbund (NBBL) viser at heile 92 prosent av dei spurte er positive til BSU-ordninga. BSU gir både høge sparerenter og store skattefordelar for unge under 33 år som sparer inntil 25.000 kroner i året til bustadkjøp.
Likevel tar fleire ungdomsparti til orde for å avvikla eller endra ordninga, skriv VG.
Sosialistisk ungdom (SU) meiner dagens BSU-ordning er med på å forsterka klasseskilja som allereie finst i bustadmarknaden.
– BSU kostar også mykje pengar, og dei bør heller brukast på å hjelpa førstegangskjøparar til å nå eigenkapitalkravet gjennom til dømes Husbanken, eller ved å byggja billige studentbustader, sier SU-leiar Andrea Sjøvoll.
– Må tenkja annleis
KrFU-leiar Ida Lindtveit Røse peikar på at mange unge får hjelp av foreldra til å fylla BSU-kontoen, slik at dei får ein ekstra fordel i bustadkampen.

AUF-leiar Mani Hussaini vil leggja om måten BSU fungerer på. Pressefoto.
– Då er spørsmålet om samfunnet skal heia det fram, eller om ein skal hjelpa dei som ikkje har dei same moglegheitene. Når me bruker så mykje pengar på BSU-ordninga som me gjer, meiner eg ho skal vera retta mot dei som faktisk treng hjelpa, seier Lindtveit Røse til VG.
AUF-leiar Mani Hussaini seier at dei er for ordninga, men at ho ikkje fungerer godt nok i dag. Han viser til ei undersøking frå 2015 som viste at mange sparer i BSU også etter at dei har kjøpt sin første bustad.
– Me som skattebetalerar kan ikkje vera med på å gi pengar til dei som allereie eig. Då må me tenkja annleis, seier Hussaini.

Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU forsvarar BSU-ordninga. Pressefoto.
Vil heller utvida
På den andre sida er både Senterungdomen, Framstegspartiets ungdom (FpU) og Unge Høgre positive til BSU-ordninga. Dei to ungdomspartia på høgresida ønskjer å auka kor mykje ein kan spara på BSU-kontoen.
– Me er heilt på line med folket her. BSU-ordninga har ei så positiv verknad på bustadmarknaden for unge menneske, så viss me får lov til å bestemma skal me hjelpa endå fleire, seier FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud til VG.