30.000 unge verda over har talt: Klimaendringar er den største utfordringa me står overfor

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

30.000 unge verda over har talt: Klima er den største utfordringa

Klimaendringar og naturøydelegging. Det svarer nesten halvparten av dei over 30.000 18–35-åringane frå 186 land verda over som har blitt spurt om kva som er dei mest alvorlege sakene som påverkar verda, i undersøkinga «Global Shapers Survey 2017».

Litt under 40 prosent peikte på krig og konflikt, medan rundt 30 prosent nemnte ulikskap og fattigdom blant dei største utfordringane. Klima og natur er rangert øvst eller nest øvst blant folk på alle kontinent og i alle inntektsgrupper.

Fleire enn 9 av 10 er einige i at klimaendringane er menneskeskapte. På spørsmål om dei er villige til å endra livsstilen sin for å beskytta natur og miljø, svarer heile fire av fem ja.

– Det gir grunnlag for optimisme. Viss fire av fem er villige til å endra åtferd for miljøet, så lovar det jo godt, seier Rode Hegstad, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Hegstad minner samstundes om at det er vanskeleg å seia kor representativ ei slik undersøking er.

– Det er 1,8 milliardar unge i verda, og enno fleire når ein definerer det så vidt som dei gjer, så 30.000 er ikkje eit veldig stort utval.

Saka held fram under grafen.

Ikkje lytta til

Verdas økonomiske forum (WEF) står bak den omfattande undersøkinga av haldningane blant milleniumsgenerasjonen, som i år har blitt gjennomført for tredje gong.

Rode Hegstad, styreleiar i LNU, jobbar for at unge stemmer skal bli lytta til. Foto: LNU

Undersøkinga dekkjer fleire viktige tema, mellom anna styresett og deltaking i samfunnet. Her går det fram at unge verda over opplever at dei ikkje blir lytta til i politiske prosessar: Heile 56 prosent er einige i at viktige avgjerder blir tatt utan omsyn til kva unge folk meiner.

Dette er noko styreleiaren i LNU kjenner seg godt att i.

– Det høyrer me også ofte, og det er difor me jobbar både for å utvida stemmeretten og at fleire skal bruka stemmeretten, slik at unge blir ei stor veljargruppe som politikarane må ta omsyn til, seier Hegstad.

På spørsmål om kva som er viktigast for å styrka moglegheitene til ungdomsgenerasjonen, er det tre ting som kjem tilnærma likt ut på topp: eit godt miljø for oppstart av nye bedrifter, tilgang til internett og frie medium.

Her er det interessante skilnader mellom kontinenta: Gründervilkår er det klart viktigaste for folk frå Afrika og Asia, men dette kjem først på femteplass for europearane, som er mest opptekne av eit rettferdig politisk system.

LES OGSÅ: Slik startar du eiga bedrift på 48 timar

Saka held fram under grafen.

Universelle verdiar

Deltakarane i undersøkinga har også blitt spurt om kva som er mest definerande for deira identitet. Heile førti prosent gir det same svaret: «Eg er menneske».

Yemi Babington-Ashaye er sjef for Global Shapers Community og har leia undersøkinga for WEF. Foto: WEF

Nest flest, 18 prosent, seier at dei først og fremst er ein verdsborgar. Berre 7,3 prosent seier at religion er den viktigaste delen av identiteten deira, medan 13 prosent definerer seg sjølv mest ut frå nasjonalitet.

Dette gir også utslag i andre verdispørsmål. Yemi Babington-Ashaye i WEF peikar sjølv på at undersøkinga viser ei stor overvekt av positive haldningar til folk på flukt.

– Me er overraska over den store empatien som dagens unge har overfor flyktningar. Nærare 70 prosent har eit positivt syn på flyktningar, og overveldande mange ønskjer dei velkomen til sine land, seier han til Svenska Dagbladet.

Hegstad er på si side ikkje like overraska.

– Når du spør unge kva dei bryr seg om, så er det den gruppa som i størst grad er opptatt av saker saker som ikkje berre angår dei sjølve. Unge bryr seg om eldreomsorg, om klima, om ulikskap… At dei også har empati med flyktningar, er ikkje overraskande.

Saka held fram under grafen.

Ja til teknologi, nei til chip

Eit anna tema i undersøkinga er innovasjon og teknologi. Her går det fram at ungdomsgenerasjonen er optimistisk i framtidsutsiktene: Nesten fire av fem meiner at teknologi først og fremst skapar jobbar, heller enn å øydeleggja jobbar.

Det nye store? Amazons talestyrte høgtalar Alexa er utstyrt med kunstig intelligens. Arkivfoto: Åsmund H. Eikenes

Dei aller fleste meiner at kunstig intelligens er den neste, store teknologiske trenden. Men på spørsmål om dei vil støtta at menneskeliknande robotar får rettar, svarer berre 14 prosent ja; halvparten går mot at C-3PO skal kunna likebehandlast med Luke Skywalker.

Folk er også skeptiske til å få implantert ein datachip som kan auka kapasiteten og kompetansen deira. 44 prosent seier klart nei.

– Chip under huden er noko som er realistisk og som allereie blir brukt av til dømes den amerikanske hæren. Men her synest det å gå ei grense for kor mykje ein kan akseptera, seier Babington-Ashaye.