Medisinstudent Torjus Bjørgo Nilsen var ein av dei første i Noreg til å implantere ein chip i handa. SJÅ VIDEO. 

Torjus Bjørgo Nilsen frå Valdres har implantert inn ein chip mellom tommel og peikefinger i venstre hand. Det gjer han delvis til ein kyborg, ein person som har eigenskapar utover dei normale mennesklege avgrensingane.

24-åringen kan nytte handa si der andre må finne fram eit kort frå lommeboka. I framtida kan teknologien erstatte lommebok og nøklar, samt gi han tilgang til treningssenter og erstatte busskortet.

– Eg spurte på Godt Brød om eg kunne få bytte ut kundekortet mitt med ID-nummeret i chippen i handa mi, og det gjekk heilt fint, fortel Nilsen.

TorjusBNilsenHenderForEtterWeb
INGEN ARR. Biletet til venstre viser handa dagen etter inngrepet, og biletet til høgre er to år seinare. Nilsen har ingen synlege arr på handa si. Foto: privat.

LES OGSÅ: Er kunstig intelligens ven eller fiende?

«Kva!»
Men det er ikkje alle som er førebudd på at kundane deira er kyborgar.

– Ein gong eg var på Godt Brød og la handa på sensoren, vart ho som stod bak disken heilt forfjamsa. Ho utbraut eit «Kva!», og trudde det var ein omfattande practical joke for å lure ho. Ho vart så forskrekka av handa mi at ho måtte gå på bakrommet for å ta seg saman. Etterpå fekk ho sjå og kjenne på chippen i handa mi.

Det var først seinare den dagen at han oppdaga at det var 1. april.

– Kvifor ikkje
Det heile byrja i 2014 då Nilsen såg ein video på internett.

Frå før visste han ikkje så mykje om biohacking, men han hadde nettopp hatt om anatomi på medisinstudiet. Då han såg etter på handa, såg han ikkje så mykje skummelt mellom tommel og peikefinger.

– Eg hadde ein tanke om at eg kanskje ikkje burde gjere det, men kom til eit vegskilje der eg valgte «kvifor ikkje», seier 24-åringen.

LES OGSÅ: I Westworld er det ikkje lett å avgjere kven som er kyborgar.

Eit riskorn
I desember 2014 fekk han ein pakke levert frå USA. Øskja inneheldt hanskar, desinfeksjonsmiddel og plaster, samt ei stor injeksjonsnål. I nåla var det plassert ein sylinder av glas med ein radiosendar i, om lag så stor som eit riskorn, klar til å bli implantert mellom tommel og peikefinger.

– Ein medstudent utførte prosedyren på meg. Det gjekk veldig greit. Vi syntes det var kult å gjere noko slikt, noko litt spektakulært, fortel Nilsen.

INJEKSJONSNÅL. Ein medstudent utfører inngrepet på venstrehanda til Nilsen, og injiserer ein chip inn under huda mellom tommel og peikefinger. Video: privat. 

Selskapet som har laga chippen i handa til Torjus kunne godt ha markedsført teknologien som spektakulær. I staden heiter dei Dangerous Things, og på heimesida deira står det følgande om motivasjonen for å drive med biohacking:

«Det som er sosialt akseptabelt i morgon vert forma av dei grensene vi flyttar i dag, og vi er begeistra for å vere ein del av det.»

– Den kosta 100 dollar, og eg bestilte den på nett. Modellen heiter xNTi, er 12 mm lang, og er den vanlegaste chippen frå Dangerous Things, seier Nilsen.

Enklare liv
Liknande chippar vert nytta for å kunne spore eigaren av ein bortkomen hund, men når chip’en er implantert under huda på ein person, er alternativa mange fleire.

– Eg har ein visjon om å klare meg utan fysiske nøklar, seier Nilsen.

Utsegnet liknar det Amal Graafstra, sjefen for Dangerous Things, sa frå scena på teknologifestivalen New Scientist Live i London, tidlegare i haust:

«Kroppen er eit nytteverktøy som kan oppgraderast. Tradisjonelt har vi nytta eksterne verktøy for å kontrollere omgivnadane våre, slik som nøklar, lommebok og mobil. Eg prøver å finne løysingar for å erstatte dei.»

Radiosendar
Chippen fungerer som ein ein høgfrekvent radiosendar (13.5MHz). Den inneheld eit unikt ID-nummer som kan registrerast av ein sensor gjennom huda. Rekkevidda til radiobølgene frå chip’en er nokså kort, så Nilsen må legge handa heilt inntil sensoren.

– Eg har sett mobiltelefonen min til å godkjenne chippen som identifikasjon istaden for passord. Det var overraskande enkelt. I tillegg har eg laga eit oppsett slik at chippen kan styre ein dørlås. Det var litt meir vanskeleg, og trengte ein del ekstra delar og litt prøving og feiling, fortel han.

Når eg legg handa mi inntil sensoren, reagerer den på ID-nummeret frå chippen og sender straum gjennom ein dings (frå selskapet Arduino) og fram til dørlåsen, som opnar seg, fortel Nilsen.

TorjusBNilsenRelayWeb
PRØVING OG FEILING. Biletet viser noko av utstyret Nilsen har skaffa seg for kunne kontrollere implantatet i handa si. Foto: privat.

– Det å berre legge handa på døra, og så opnar ho seg, det verkar veldig kult, seier han.

Men kyborgen innrømmer at det ikkje er beint fram å få ny teknologi til å fungere i praksis.

– Til leilegheita mi i Bergen er det to ulike dører med to ulike nøklar. Huseigar går nok ikkje med på å bytte ut begge låsane med eit system som er kompatibelt med chippen i handa mi.


DØRLÅS. For å få handa til å kontrollere dørlåsen trengs det ein del prøving og feiling, men det fungerer! Video: privat.

Normalisering
Då Nilsen fekk sitt implantat i 2014 var det om lag 1000 andre som hadde gjort det i heile verda. No reknar han med at det er mange fleire. Folk flest reagerer som venta når dei får høyre om chippen i handa hans.

– Mange synest det er litt merkeleg, særleg sidan implantatet ikkje har så mange bruksområde endå. Andre synest det er kult. Eg synest det er viktig at folk kjenner meg og veit at eg er relativt normal fyr. Det gjer folk meir bevisst på teknologien, og det avvæpnar det som for nokre er skummelt.

Og foreldra dine?

– Mor mi sa det som mødre seier når ein injiserer framande objekt inn i hendene sine, ler han.

Omfattande testing
Nilsen kan kjenne implantatet dersom han strekker på huda, eller om han held rundt noko som pressar mot kjøtet mellom tommel og peikefinger. Til vanleg er det likevel ikkje noko han tenker over.

– Eg var litt bekymra for om eg ikkje kunne trene eller måtte vere redd for at den vart øydelagt. Men så las eg erfaringane til dei andre som hadde gjort det, og dei var stort sett nøgde.

Dangerous Things har også gjennomført omfattande testar av chippane, der dei mellom anna har plassert ein chip i ein kyllingfilet og så utsett kyllingkjøtet for trykk og press.

Sjølvstyrande bilar krev også omfattande tesing. Les meir om dilemmaet her.

Høgre og venstre
Nilsen fortel at han har vurdert fleire implantat, då fordi det vil kunne gi han fleire bruksområder.

– Eg vart skuffa då eg oppdaga at chippen eg har ikkje fungerer på dørene på Universitetet i Bergen. Truleg er dei på ein annan radiofrekvens. Eg har vurdert å få meg ein chip i høgre hand, ein som nyttar 125kHz, med større rekkevidde enn den eg har i venstre hand.

Så då må du hugse at du opnar dørene på jobb med høgre hand og dørene heime med venstre hand?

– Hehe, eg er nokså god til å hugse skilnaden mellom høgre og venstre hand, så det skal gå bra. I verste fall får eg tatovere eit lite symbol på den eine handa, kanskje ein hfor heime.

Sikkerheit og bruksområde
For at fleire skal bli ein del av biohacking-miljøet, trur Nilsen at fokus på sikkerheit og utvida bruksområde vert viktig. Både Dangerous Things og andre selskap tilbyr dataprogram for å hjelpe brukarane med å halde informasjonen på implantatet sikkert.

Sjefen for Dangerous Things, Amal Graafstra, sa det slik:

«Chippen min er for å identifisere meg, ikkje for å spore meg. Den kan bli lest utan mitt samtykke, men då må sensoren vere svært nær meg. Kva er skilnaden mellom å legge eit plastkort på lesaren på bussen og å legge handa på lesaren? Det vil bli registrert informasjon om meg likevel.»

Bjørgo Nilsen trur at når chippane gir adgang til fleire ting, (hus, mobil, jobb og bil) kjem det til å verte endå meir attraktivt for folk flest.

– Å sleppe å ha fire ekstra kort i lommeboka vert fint. I framtida treng vi ikkje fysiske nøklar eller lommebok.

LES OGSÅ: Idefestival med banebrytande teknologi

BluetoothTorjusBNilsenFaceTime1
Kvar går grensa for kva du vil endre på?

– Eg vil ikkje gjere noko som hindrar kroppslege funksjonar. Dersom ein ny dings vil hindre meg i frå å vere fysisk aktiv, vil eg ikkje gjere det. Dersom det i staden er ein form for positiv forsterking, vil eg gjere det så lenge risikoen er minimal.

Implantata som måler blodsukker og pH er store og klumpete, innehar bluetooth og medfører både risiko ved operasjon og fysisk aktivitet. Det er ikkje særleg attraktivt for Nilsen.

– Eg kan nok gjerne sette inn ting for å sjå kva som skjer, men eg vil ikkje risikere blodforgifting og øydelegge nerver berre fordi bluetooth er gøy. Tenk om eg aldri kan leikeslåss fordi eg har ein klumpete dings operert inn i underarmen, seier han.

Alt kan endrast
Biohackarane vert også kalla for transhumanistar, personar som trur at mennesket som rase kan utvikle seg utover dei noverande biologiske og mentale avgrensingane, særleg ved hjelp av vitskap og teknologi.

– Om ein kan gjere noko godt i verda, så synest eg det er bra. I framtida, når teknologien vert endå betre, synest eg ikkje at det er nokon grunn til å la vere å forbetre synet til dei som treng det, eller til å vidareutvikle teknologi for å gi døve personar hørsel.

Nilsen meiner at så lenge ein kan forbetre mennesket sin funksjon, så bør ein berre gjere det.

– I utgangspunktet gir eg tommel opp for biohacking, der bruksområda gjer liva våre betre.

For spesielt interesserte
Vil du anbefale folk å implantere ein chip? 

– Dette er for spesielt interesserte. Eg har oppnådd å ha eitt mindre kort i lommeboka, og det er nok litt for liten gevinst for dei fleste. Eg synest det er gøy, difor gjorde eg det.

Han legg til at forbrukarane stemmer med pengane sine, og dersom ein vil at slik teknologien skal bli noko av i framtida, bør ein støtte opp om gründerane.

Dersom huseigaren stikk kjeppar i hjula for å bytte ut låsen i inngansdøra med ein sensorbasert lås, har kyborgen Torjus ein plan B.

– Då kjem eg i staden til å montere låsen med sensor i ei skapdør. Det skal bli ei dør utan handtak, slik at berre den som har chip i handa, og som veit kvar sensoren er, kan få til å opne døra. Det blir litt som ein moderne versjon av å vippe på boka i bokylla for å sleppe inn på det hemmelege rommet, avsluttar han.

Les om dei kunstig intelligente robotane som styrer Twitter

Interessert i fleire historier om samspel mellom menneske og maskin? Sjå alle sakene om #TENKOLOGI

Oppdatert: tysdag 20. juni 2017 18.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE