Er det greit å tene pengar på kvinnedrap?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 01.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her guidar han turistane langs mordarens drapsrute

– Aust-London. Året er 1888. Det er skittent og det er overbefolka og det er sjukdom. Ekstrem fattigdom leiar til sosial uro, og prostituerte står på kvart hjørne. Så kjem Jack the Ripper…, fortel guiden vår med ein dramatisk tone. Han prøver å sette reisegruppa i ein dyster stemning før dei skal gå tur langs Jack the Rippers drapsrute.

Minst fem kvinner som arbeida som prostituerte blei drepne av denne myteomspunne mordaren. Deira brutale død har blitt ein turistattraksjon. Kvar kveld kan ein observera fleire titalls med grupper som blir leia rundt av ein tourguide i Londons gamle mursteinbelagte gater.

Fleire og fleire turistselskap arrangerer slike turar. Det har leidd til hardare konkurranse, og selskapa må jobbe for å skilje seg ut i mengden. Eitt selskap tilbyr skodespelarar som viser gruppa rundt og dramatiserer morda der dei faktisk skjedde. Eit anna skiltar med ein handheldt projektor som dei har med på turen og viser originale bilete frå åstadene og av mordofra.

FÅ OGSÅ MED DEG: Turisme i Nord-Korea: ein leik med elden?

Kven var Jack the Ripper?

31. august 1888 blei liket av Mary Ann Nichols funne i Durward Street i Whitechapel. Strupen hennar var kutta med to kutt, og den nedre delen av magen var skåren opp. Innan éin månad var til saman fire prostituerte funne drepne, alle med avskåren strupe og mage. Hjå to av ofra var også livmora fjerna. 9. november drap Jack the Ripper Mary Jane Kelly. I motsetning til dei andre ofra, blei Kelly myrda i sin eigen heim.

Jack the Ripper - eller?

Jack the Ripper er ofte framstilt på denne måten: i tåkefulle kveldar med flosshatt og sylskarp kniv. – Er det éin ting me veit sikkert, så er det at han ikkje så slik ut i verkelegheita, seier turguiden. Foto: Fabrizio Pece/Flickr

Desse fem morda blir ofte kalla dei «kanoniske fem», og er allment akseptert som drap utført av Jack the Ripper. Men politiet, forfattarar og historikarar har ulike teorier om kor mange som eigentlig var drepne av denne mannen. Eller var det ei kvinne?

LES OGSÅ: 18 år gamal skapte ho Frankenstein

Ukjend identitet, fram til no?

Trass i omfattande forsking er det framleis ingen som veit heilt sikkert kven Jack the Ripper eigentlig var. Pseudonymet blei gitt etter at det britiske politiet mottok eit brev som omtalte eit av morda, underteikna «Jack the Ripper».

Det er over hundre teoriar om Jack, eventuelt Jill the Rippers identitet. Den siste teorien fekk eit nytt boost i august i år. Ei dagbok som skal ha tilhøyrt James Maybrick frå Liverpool inneheld ei tilståing for dei fem morda i Whitechapel. Forskarar seier no at dei har tilstrekkeleg bevis for å stadfeste at denne dagboka er skrive av den notoriske mordaren.

Er det greit å tene penger på kvinnemord?

I 2015 opna Jack the Ripper-museet i London. Det skapte stor furore, då museets formål opprinneleg var å feire kvinner i aust-London og å fortelle deira historie. Same år arrangerte museet eit Halloween-arrangement der besøkande kunne ta bilete saman med skodespelarar som spelte mordaren og dei lemesta ofra.

– Me planla eit museum om kvinners historie, men etterkvart som prosjektet blei utvikla seg bestemte me at det ville vera meir interessant å vinkle det frå offera til Jack the Rippers perspektiv, sa grunnleggjaren av museet, Mark Palmer-Edgecumbe. 

Talskvinna i English Collective of Prostitutes, Laura Watson, sa til The Guardian at ho er motstander av Jack the Ripper-industrien fordi den glorifiserar kvinnehat.

– Det er forvridd at fem kvinner som blei torturert og drept er av mindre interesse enn monsteret som drepte dei, meiner Watson.

FÅ OGSÅ MED DEG: Om verdas eldste yrke