Mellomposisjonen

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om verdas eldste yrke

Prostitusjon har blitt omtalt både som verdas eldste og vanskelegaste yrke. Det er sannsynlegvis òg mellom dei mest kontroversielle yrka som nokon gong har eksistert. Opp gjennom historia og i ulike kulturar har tilhøvet til den prostituerte vore vekslande og omskifteleg. Dei prostituerte som yrkesgruppe har følgjeleg ei brokete forhistorie. Frå tempelbygningane i Mesopotamia, via dei romerske bordella og fram til dagens freistande utstellingsvindauge på kontinentet. Makthavarar og moralvaktarar har pendla mellom stillteiande aksept, reguleringsforsøk og kriminalisering. I våre dagar blir prostitusjon gjerne assosiert med menneskehandel, overgrep og tvang. Tilstrøyminga av kvinner frå Afrika og Aust-Europa til landet på midten av 2000-talet gjorde spørsmålet om sexkjøp til ei heit potet i det feministiske fyrtårnet Noreg. Og i 2008 vann den raudgrøne regjeringa den politiske muletrekkinga som førte til kriminalisering av sexkjøp frå 2009 av. Men samstundes med at dei siste champagne-dropane var drukke opp i Høyres Hus, kom spørsmålet om kva som no ville skje med den omdiskuterte sexkjøpslova.

Når det gjeld sexkjøpslova, kan meiningsmotstandarane grovinndelast i to grupper. Den fyrste – som me kan kalle dei slump-radikale feministane – argumenterer gjerne for at kjøp av sex underbyggjer og driv fram menneskehandel, og at sexkjøparar utnyttar fattige kvinner som er tvungne til å selje kroppen sin. Argumentasjonen impliserer med andre ord at sexkjøp i faretrugande grad nærmar seg ei form for valdtekt. Hovudmantraet til denne gruppa er at kroppen ikkje er til sals. På hi sida har me dei som kan kallast brostne liberalistar. Desse argumenterer for at ein ikkje kan drive statleg styring av kva som går føre seg mellom samtykkjande vaksne menneske. Seksuelle relasjonar mellom vaksne menneske må altså vere akseptert og lovleg, jamvel om pengar blir brukt som vederlag. Kardinalsynda båe gjer seg skuldige i, er å forenkle. Dei pressar røynda heilt til ho er så mjuk og enkel at ho heng saman og er oversynleg. Dei toler ikkje sprekkjer i oppfatningane sine, og vel god nattesøvn til fordel for kritisk tenking. Slump-feministane er fordomsfulle og kunnskapslause om sexkjøparar, medan dei brostne liberalistane ikkje har noko djupare tenking kring spørsmålet enn pengevekslarane på tempelhøgda. Personleg er eg likevel hakket meir kritisk til slump-feministane. Eg har ein frykt i ryggmergen for folk som trur dei har moralen og rettferda på si side. Som om det gode og det vonde er målbare storleikar. Dei blir til Gandalv eller løva Aslan på vigvollen, og har vanskar med å ta innover seg andre perspektiv, fordi det ville så tvil om verdssynet deira.

Den enklaste metoden for å avsløre om eit argument held vatn, er å strekkje det så langt som råd. Kronargumentet for innføringa av sexkjøpslova er som sagt at kroppen ikkje er ein salsvare. Men heile argumentet byggjer på ein logisk tankefeil: for kroppen er jo i aller høgste grad ein akseptert salsvare i det kapitalistiske samfunnet. Dersom kroppen ikkje skal vere ein salsvare, lyt me rive moteblada ut or kioskyllene, og arrestere Kate Moss neste gong ho landar på Gardermoen. Ho ville sikkert hatt godt av eit døgn på norsk glattcelle, men eg vil tru at dei fleste likevel vil tykkje at slike inngrep er vel autoritære for eit ope samfunn som vårt. Men i prinsippet er dette den ytste konsekvensen dersom sal av kropp skal bli eit juridisk prinsipp. Det er jo slik at modellar og moteblad sel kroppen og reduserer henne til ein omsetjeleg verdi. Det er jo nett det kroppslege og det sensuelle dei sel til oss frå framsidene sine. I utgangspunktet er eg ikkje i mot eit samfunn fritt for unyttige modellar og tåpelege motemagasin, men eg vil tru at den gjennomsnittlege slump-feministen ikkje dreg argumentasjonen sin like langt. Og der er difor eg gjev dei dette utnamnet. For når det gjeld kjøp av sex, er dei brått blitt radikale, og argumenterer i tråd med eit menneskesyn som høyrer heime langt ute på det som er blitt ein perifer venstreside. Dette trass i at dei sannsynlegvis ikkje har eit sosialistisk fiber i kroppen elles. Dei er feministar på slump og refleks. Kroppen er jo heller ikkje aleine om å vere ein salsvare i dagens vulgærkapitalistiske samfunn. Kunnskap er til dømes og ein salsvare. Eg får jobb og inntekt med grunnlag i den utdanninga eg har, og denne teksten får eg betaling for.

Argumenta for og imot sexkjøp har klare likskapar med ein del av argumenta ein finn att i debatten om sjølvbestemt abort. Ytre sett har desse sakene mykje til felles. Det er dei same harde frontane, den same moralismen og same spørsmålet om grensene for kroppsleg autonomi. Dei fleste av oss er i mot abort som medisinsk inngrep. I den forstand at dei færraste ønskjer at eit svangerskap skal terminerast. Det er alltid ein tragedie når det skjer, om kvinna så har gode grunnar for å utføre inngrepet. Eit avslutta svangerskap er nok alltid ei kjenslebør for den kvinna det gjeld. Men jamvel om abort som medisinsk inngrep ikkje er vidare ønskjeleg, er dei fleste av oss samde om den juridiske retten til sjølvbestemt abort som eit minste vonde.  Sjølvbestemt abort er – som Kaj Skagen skreiv for ei tid attende – ei politisk løysing på eit etisk problem. På dette området er kvinna si rett til å råde over eigen kropp ei heilag ku. Eg meiner at ein difor må bruke det same moralsk-pragmatiske målebandet når det gjeld kjøp av sex. Prinsippet om at ein har rett til å bestemme over eigen kropp, er like gyldig for debatten kring sexkjøp. Difor kan ein ikkje seie at kroppen ikkje er ein salsvare. For det spørsmålet må avgjerast av den enkelte. Ein kan ikkje bestemme kva andre menneske skal bruke kroppen sin til. Eg er sjølvsagt klar over at dagens lov gjeld kjøp og ikkje sal av sex. Men det er å rekne for ein juridisk detalj gjennomført for ikkje å snuble i prinsippa. Målet er framleis å hindre kjøp av sex. Og slik hindrar ein jo òg salet av sex.

Eg veit at mange vil vere usamd med meg. Ein vil seie at mange som er prostituerte ikkje er det av eige val, men er tvungne ut i det grunna fattigdom eller kyniske menneskehandlarar. Eg skal ikkje nekte for at mange av dei som står nede i Skippergata etter leggetid nok står der grunna materiell naud, direkte tvang eller narkotika. Men eg reknar med at dei som er usamde med meg er viljuge til å innrømme at det òg finst kvinner og menn som sel sex av eiga fri vilje, anten av eventyrlyst eller for lette pengar si skuld. Samstundes må ein vere opne for at det ikkje er slik at alle som kjøper sex er kyniske, gamle menn utan kjensler. Det finst dei som av ymse årsaker ikkje får oppleve seksuell intimitet i det daglege. Årsakene til dette er nok mangfaldige. Det kan til dømes dreie seg om fysiske og psykiske lidingar. Skal ein tale om prostitusjon på ein sakleg måte, må ein innrømme at gatefloraen som gjev liv til prostitusjonsverksemda er mangfaldig og rik. Dersom ein nøyer seg med å nytte eit moralsk stengslesyn, ser ein berre det ein ønskjer å sjå. Det blir ein merkeleg form for bakvendt feminisme når ein stadig strevar etter å hevde at dei kvinnene som sel sex er offer, samstundes som at ein ikkje òg kan innrømme at det finst kvinner (og menn) som sel sex av heilt andre grunnar. Paradoksalt nok innskrenkar ein på det viset livsrommet og autonomien til den enkelte kvinna, og mistrur henne evna til å gjere eigne val.

Eg har ein mistanke om at det ligg mykje moralisme bak dei rådande tankane kring prostitusjon. Prostitusjonen er ei legering mellom to tradisjonelle synder i den vestlege kulturkrinsen: pengar og sex. I mellomalderen var det å tene mykje pengar framleis eit aber, sett med kyrkjelege auge. I gamletidas Venezia blei til dømes jødane sett til å drive bankverksemd, sidan dei skulle til helvete uansett. Og seksualmoralen er som kjent ein del av den tunge Paulus-arven. Prostitusjonen blei prega av abolisjonisme i løpet av det moralpuritanske 1800-talet, og jamvel om mykje har endra seg sidan den gongen, har moralperspektivet vårt ikkje blitt meir nyansert, men flytta seg frå den prostituerte over til sexkjøparen. Det er ikkje lenger den prostituerte som er promiskuøs og lettsindig for å ta pengar for sex, men sexkjøparen som gjennom å kjøpe sex er kynisk, overflatisk og kjenslelaus. Men moralismen er den same som før. Etisk sett er det til dømes fullt mogleg å spørje seg om det eigentleg er nokon essensiell skilnad mellom sexkjøp og tilfeldig sex – såkalla «one night stands». Agnes Ravatn spurde i Dagbladet for litt sidan om sexkjøp er sex. Eg kan iallfall seie at det ikkje er mindre sex enn denne etter kvart så utbreidde forma for seksuelt samkvem. Men i realiteten har sexkjøp og tilfeldig sex mykje til felles: ein har sex med nokon ein ikkje har amorøse kjensler for, og som ofte er framand. Likevel blir ikkje denne praksisen utfordra og moralisert over på same måten som sexkjøp. Eg trur årsaken til dette ligg i sinnelaget. Ein forsvarar av sexkjøpslova ville kanskje hevde at tilfeldig sex ikkje kan samanliknast med kjøp av seksuelle tenester, sidan det førstnemnde kviler på samtykkjande kjensler. Ved første augekast kan ein nok tenke at forsvararane av sexkjøpslova har eit poeng der. Dersom to personar som ikkje kjenner kvarandre har ein tilfeldig seksuell relasjon, kan ein rekne med at båe ønskte det. Dersom det er snakk om prostitusjon, veit ein at den eine parten sannsynlegvis ikkje ville gjort det utan det økonomiske vederlaget.

Men biletet er diverre meir komplisert. Det er nett i vektlegginga av sinnelaget at motstanden mot sexkjøp syner sitt sanne andlet. Sinnelagsetikken finn som kjent røtene sine i ein kristen moraltradisjon, og det kristne tilhøvet til seksualdrifta har ofte pendla kring kimærar som at sex tilhøyrar ekteskapet og at seksuell abstinens er å føretrekkje før den tid. Den menneskelege seksualiteten er med andre ord noko så ureint at det berre lyt vere eit resultat av kjærleik. I moderne tid har sekularismen vunne barrikade etter barrikade, og til slutt overteke kristendomen sitt samfunnshegemoni. Dei sekulære var meir frilynde enn forgjengarane sine, og støypte om sanninga slik at ho var på lag med tida me lever i. No var ekteskapstanken lagt bort. Så lenge sex var eit resultat av kjærleik, var det greitt. Det er dette Jens Bjørneboe definerer som liberal puritanisme. Som han seier med eigne ord: «man vurderer den fysiske handling som så lav, så uren, så skitten og svinsk – i seg selv – at bare forelskelsen – inklusive alle forelskelsens plager – kan berettige mennesker til å begå samleie». Det er den same djevelmørke moralismen som syner seg i debatten kring sexkjøpslova i dag. Seksualliberalismen har rett nok flytta grensesteinane for det akseptable endå eit par hakk utover, Så det er ingen som lenger reagerer på at to som ikkje har kjærleik for kvarandre deler natteleige, så lenge båe ønskjer det. Men framleis er den framskotne haldninga at seksualiteten, om ikkje anna, skal vere eit resultat av korresponderande kjensler.

Så fort ein får ferten av at noko anna er tilfelle, blir varden tent og den offentlege leidangen av opinionsdannarar fylkar seg i unison fordømming. Men ingen stiller kritiske spørsmål til postulatet om kjenslene sitt moralseksuelle einevelde. Kvifor er sex ein rein og naturleg aktivitet så lenge det er drive fram av kjensler, men skite og forkasteleg så fort det handlar om noko anna, som pengar, makt eller status? Framleis er tankane våre kring desse tinga prega av ein djuproten tankegang om at den seksuelle handlinga må rettferdiggjerast med kjensler, jamvel om kriteria for desse kjenslene har endra seg frå det ekteskaplege, via forelskinga og fram til dagens aksept av korresponderande seksuelle kjensler. Denne evolusjonen har likevel ikkje endra den tusen år lange tradisjonen for å plassere den seksuelle handlinga innanfor ein akseptabel, kjenslemessig ramme. Slik svingar dagens tenking kring sex framleis mellom to dikotomiar som ligg under og over kvarandre når det me talar om sex, og som i forlenging av det gjer seg gjeldande i diskusjonen om sexkjøp: det reine og det ureine. Medan det ein gong var sex utanfor ekteskapet eller sex utan forelsking som var det uglesette, er det no sexen utan likeverdige seksuelle kjensler som er det «svinske». Sex treng ikkje vere slangens nedfallsfrukt, så lenge ein desinfiserer den skarvelege synda godt nok. Denne moderne moralismen ber òg ein slags arroganse i seg: det er berre dei som lever opp til det moderne livets innstendige krav som har rett på intimitet med andre og eit utlevande seksualliv. Dei som ikkje er så heldige å treffe nokon å elske – dei som blir ståande til spott og spe som eit Guds skrekkabinett – har seg sjølve å takke. Eg meiner ikkje at det er feil å bruke sinnelaget som eit grunnlag for sunn seksuell omgang, eg berre seier at det ikkje er ein einerådande mal for eit godt seksualliv. Det blir difor problematisk når vår tids liberale puritanarar brukar sinnelaget som slagvåpen i ein fordekt moralkamp.

Abortdebatten har allereie blitt nemnt. Det er òg relevant å peike på surrogati. Surrogati går prinsipielt ut på mykje av det same som sexkjøp. Ein betalar ei fattig kvinne i den tredje verda ein klekkeleg sum for å bere fram eit barn ho ikkje kjem til å ha noko kjennskap til. Kvifor har ikkje denne praksisen møtt den same fordømminga og moralhøge vreiden som ein finn i debatten om sexkjøp? Det er like mykje av ei utnytting av andre sin kropp når ein betalar folk for å gå gravid i ni månader mot økonomisk vederlag. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at desse fattigdomsdrivne kvinnene møter press frå omgjevnadene sine, som ektemenn og foreldre, slik at ein kan kalle det heile ein indirekte form for tvang. Men når det gjeld surrogati finst det ikkje ein drope av seksualmoralsk opprør å piske opp til storm. Å engasjere seg og klage homofile og barnlause for umoral og dårlig ferdsel er på langt nær like sexy som å kjeppjage den stereotypiske horekunden og hans utnytting av fattige kvinner og menn.

Trass i at mykje av motstanden mot sexkjøp som sagt er driven av stuvroten moralisme, ein slags norsk pastisjdygd, skal eg ikkje freiste å mane fram fantasien om den lukkelege hora. Som sagt er det ikkje tvil om at mange kvinner og menn som er prostituerte ikkje har valt det på eiga hand. Her dreier det seg om menneskehandel, narkotikamisbruk og mange vonde livshistorier. Men ein kan ikkje diskutere sexkjøpslova kring denne aksen, fordi menneskehandel og tvangsprostitusjon ikkje kan fjernast ved hjelp av normativ jus. Desse tinga eksisterer innanfor landets grenser uansett, og er eit resultat av den internasjonale verda me lever i. Me kan ikkje velje bort vondskapen i verda fordi det ikkje passar oss. Det er som å tru på ein nullvisjon for valdtekt og overgrep, eller som å seie at homofili er ein sjukdom som kan kurerast.  Når ein veit at lova har hatt minimal verknad, blir galskapen i det heile berre tydelegare når ein slår det opp i straffelova. Per dags dato står § 316 om «kjøp av seksuelle tjenester fra voksne» side om side med paragrafar som omhandlar pedofili, incest, bestialitet og valdspornografi i straffelova. Å likestelle kjøp av seksuelle tenester med slike forkastelege handlingar, seier ein heil del om dei implisitte haldningane storsamfunnets moralvaktarar har i høve til sexkjøp.

Eg ser det som eit av privilegia til ein ung skribent at han med treffande formuleringar og råkande ord kan peike på skeivskapen som omgjev han på alle kantar, utan sjølv å måtte kome med eit betre forslag. Denne saka meiner eg til motsetnad er ein av dei velsigna tilfella kvar eit innfløkt problem har ei innlysande løysing. Eg veit ikkje om strategane bak sexkjøpslova hadde dei prostituerte sitt beste i tankane når dei køyrde henne gjennom den parlamentariske lovkverna. Mistanken min er at dei er drivne av den same rettvise gløden som ein Robespierre heldt inntil brystet. Grensa mellom idioti og vondskap er ikkje alltid lett å sjå langs den smale filistervegen desse vandrar over. Eg tvilar iallfall ikkje på at dei søv godt om nettene. Men hadde dei vore viljug til å ta av seg supermanndrakta og teke røynda for det ho er, ville dei nok sett annleis på ting. Kanskje ville dei vore samde i nokre av mine tankar òg. Eg hadde aldri trudd eg skulle vere samd med ungdomspolitikarar i noko som helst, men eg har fått med meg at nokre ungdomspolitikarar har gått inn for statlege bordell. Og det er dette som er min mellomposisjon. For å fullføre samanlikninga eg gjorde jamfør abort, kan ein seie at alle er motstandarar av menneskehandel, men ikkje alle er motstandarar av prostitusjon. Viss ein er oppteken av å motarbeide menneskehandel, hjelp det ikkje å flytte prostitusjonen bort frå det sarte, offentlege blikket. Ved å gjere sexkjøp ulovleg, har ein berre oppnådd å gjere dei prostituerte til anonyme skuggeteikningar på nattlagt brustein. Dersom ein innfører statlege bordell, vil ein kunne føre betre kontroll med marknadsføringa av seksuelle tenester, hindre utnytting av kvinner og menn som vel å prostituere seg, og gjere dei til normale arbeidstakarar med rettar innanfor den norske arbeidsmiljølova.  Det vil bli vanskelegare for kyniske bakmenn å utnytte dei som er offer for menneskehandel, og profittmarginen for desse kriminelle aktørane vil minske markant. Det eventuelle overskotet dei statlege bordella sit att med kan til dømes setjast inn i arbeidet mot menneskehandel og seksuell utnytting. Eg innser at forslaget er ukonvensjonelt, og at eit slikt forslag nok treng ei større utgreiing før ein kan implementere det i praksis. Men eg tykkjer at forslaget i det minste er verdt å diskutere, og difor set eg det fram i ope lende. Ein skal hugse på at tilmed den romerske republikken til tider dreiv offentlege bordell. Og det er iallfall ikkje kontroversielt å seie at mange av dei prinsippa dagens norske rettsstat er bygde på, skuldar meir til romarane enn ayatollaen i Teheran.

Synda er komen til jorda. Dei som trur at prostitusjonen forsvinn berre ein innfører nok lover, reguleringar og handlingsplanar, er glansbildesamlarar.

Verda er ikkje noko glansbilde. Ein kan like gjerne halde pusten for fred i verda eller ta opp konkurransen med Vladimir Putin om flest idiotiske offentlege utsegner. Eg har forresten høyrt rykte om at IOC er i ferd med å godkjenne sporten som offisiell OL-grein. Samanlikna med tidlegare tider har me i dag eit langt sunnare og frilyndt tilhøve til sex. Eg trur dei fleste av oss ser på dette som eit gode og eit humant framsteg. Men framleis ligg det altså att slagg av gamal tenking i auga våre. Framleis er det kjenslene som har eigedomsrett på det seksuelle området. At sex kan dreie seg om anna enn kjærleik eller kåte kjensler, er framleis rekna for ein uting. Men det finst ingen fornuftig grunn til at det skal vere slik. Så lenge sex mellom to menneske er samtykkjande, finst det ingenting som er klanderverdig ved eventuelle bakanforliggjande motiv eller motivasjonar. Kva for sinnelag som ligg bak ei seksuell handling, er fullstendig likesælt for andre enn dei det gjeld. Dersom ein er komfortabel med å ha sex mot økonomisk vederlag, har ikkje storsamfunnet nokon prinsipiell juridisk rett til å blande seg inn. Eg vonar for min del at me ein dag lever i eit samfunn der det ikkje finst ei statleg haldning kring kva seksuelle relasjonar som er rettskafne, og kva som ikkje er det. Og at me ein dag får eit samfunn der denne nedvurderinga av visse seksuelle relasjonar ikkje er juridisk nedfelt i lova.


Først publisert på Magasinett.