18 år gamal skapte ho Frankenstein

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

30. august 1797 fødde den kjente filosofen og feministen Mary Wollstonecraft ei dotter. Mora tålte ikkje i fødselen og døydde i barselsseng.

Dottera Mary Wollstonecraft Godwin vaks opp saman med si eldre halvsyster Fanny Imlay og faren, den politiske filosofen William Godwin.

Fem år tidlegare hadde Mary Wollstonecraft gjeve ut den vidgjetne A Vindication of the Rights of Woman. Der ho gjekk sterkt ut mot den rådande oppfatninga om at kvinner var naturleg underlegne menn. Ho meinte dei i staden framstod slik på grunn av manglande utdanning.

William Godwin skaffa dottera si utdanning, og oppmuntra ho til forstå hans eigne liberale politiske teoriar.

Då Mary var fire år gifta faren seg med naboen deira, Mary Jane Clairmont.

LES OGSÅ: – Olja er dagens Frankenstein

Vann veddemål med skrekkhistorie
17 år gamal innleidde Mary eit forhold til den gifte poeten Percy Bysshe Shelley – ein av dei store britiske poetane frå romantikken. Den fem år eldre Shelley var ein av dei politiske tilhengarane til faren hennar.

Saman med Mary si jamgamle stesyster, Claire Clairmont, reiste dei til Frankrike og deretter gjennom heile Europa.

I 1816 hadde dei ein sidan vidgjeten sommar i nærleiken av Genève i Sveits saman med venene lord Byron og John William Polidori. Det var her Mary fekk idéen til romanen Frankenstein – eller den moderne Prometevs.

Historia skal ha oppstått etter eit veddemål. Ein regnvêrsdag, i rein keisemd, kom dei over ei bok med skrekkhistorier som dei ikkje syntest var skumle nok. Dei vedda om kven som kunne laga noko betre.

Mary Shelley og John Polidori var dei einaste som gjennomførde veddemålet. Mary Shelley vann, men John Polidori kom ikkje så dårleg ut med si skrekkhistorie. The Vampyre blir ofte rekna som stamfaren til dei moderne vampyrforteljingane.

LES OGSÅ: Jessica Cornwell leitar etter kvinner i historias papiravfall

Elektriske eksperiment
Ideen til Frankenstein – eller den moderne Prometevs fekk Mary gjennom ein draum. Dagen før draumen hadde ho lese om Luigi Galvanis eksperiment med å senda elektriske impulsar gjennom ein daud frosk.

Slik skildra ho sjølv draumen:

draumen.jpg

Slik oppstod Frankenstein og monsteret hans.

Historia finn stad ein gong på 1700-talet. Sjøkapteinen Robert Walton dreg saman med mannskapet sitt frå den russiske byen Arkhangelsk for å finna midtpunktet til Nordpolen. Skipet frys fast i hav-isen og merkelege ting byrjar å skje.

Ikkje lenge etterpå fiskar dei opp ein mann opp frå det iskalde vatnet. Namnet hans er Victor Frankenstein, og han fortel Walton om jakta på å skapa liv gjennom å setja vitskaplege teoriar og eksperiment ut i praksis. Han fortel om korleis dette blei ei forbanning som gjekk utover han og dei han elska.

Boka varierer i form og forteljarstemmer, frå brev til forteljingar frå både Walton, Frankenstein og monsteret.

Boka blei utgjeve i 1818, og er for første gong utgjeve på nynorsk på Skald forlag i haust.

Les intervju med omsettaren: – Olja er dagens Frankenstein

Tragiske ulukker og sjølvmord
Då Mary og Percy kom heim til England hausten 1816 venta dei barn. Dei gifta seg same året, tre veker etter at Percy Shelley si dåverande og gravide hustru, Harriet, tok livet av seg.

Nokre månader før hadde halvsøster til Mary, Fanny, tatt livet av seg.

I løpet av dei neste to åra møtte ho og Percy sosial utestenging, gjeld og dødsfallet til deira for tidleg fødde dotter.

Ekteparet reiste frå England til Italia i 1818. Der døydde både deira andre og tredje barn, før Mary Shelley fødde hennar siste og einaste overlevande born, Percy Florence i 1819.

Tre år seinare drukna ektemannen då seglbåten hans sokk under ein storm i bukta utanfor La Spezia.

Eit år etter reiste Mary Shelley tilbake til England. Frå då av brukte ho all si tid til skriving og oppfostring av sonen. Dei mest lesne skriftene i hennar samtid, var ein serie av biografiar av kjente europearar, som blei selde i fire tusen eksemplar.

Det siste tiåret av liva hennar var prega av sjukdom, truleg grunna svulst i hjernen som tok livet av ho som 53-åring.

LES OGSÅ: Den usensurerte historia om Santa Lucia

Aukande interesse
Fram til 1970-talet var Mary Shelley hovudsakleg kjent for arbeidet med sin eigen roman Frankenstein og for å utgje Percy Shelley sine verk.

Nyare forsking har etter kvart avdekt eit langt meir omfattande og nyansert syn av arbeidet hennar. Forskarar har vist ei aukande interesse for bøkene ho skreiv.

Mange meiner Mary Shelley blei verande ein politisk radikal gjennom heile livet sitt, sjølv om sonen hennar og svigerdottera prøvde å gjera ettermælet hennar mest mogleg respektabelt for samtida.

Fleire av verka hennar argumenterer at samarbeid og sympati er til det beste for samfunnet.

Frankenstein blei første gong sett opp på ein scene i 1823, og gjekk til filmen i 1910. Sidan har det blitt laga mange filmar med historia om Frankenstein.


Kjelder: 
Mary Shelley: Romance and Reality
av Emily Sunstein og Wikipedia

Fakta

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.