Arkeologar har grave fram tusenvis av spor frå fortida på Rygge. Korleis finn dei eigentleg ut kor gamle desse er?
– Det er snakk om fleire tidsperiodar, men me har iallfall funne ting frå bronsealderen og jernalderen, seier arkeolog Jessica Leigh McGraw.
Framtida.no besøker ei arkeologisk utgraving på Rygge i Østfold. Her finn dei ting som er mange tusenår gamle.
Torgeir Winther, som også er arkeolog, forklarar at det å registrera kor gjenstandane blei funne, er ein viktig del av å finna ut alderen på dei.
Ulike lag i jorda høyrer som regel til ulike tidsfasar. Difor er det viktig å veta kva lag noko blei funne i.
McGraw peiker på eit grophus arkeologane held på å grava ut.
– I denne profilen ser me nokre artige lagdelingar. Det kan tyda på ulike hendingar og fleire fasar, seier ho.
– Viss me til dømes har ei kokegrop som er graven ned i toppen av eit anna lag, veit me at laget er eldre enn kokegropa. Og dersom ei kokegrop ligg under et anna lag, må laget vera yngre enn kokegropa, seier Winther.
Dei eldste gjenstandane og massane ligg nemleg som regel nedst. Nyare ting har blitt avsett oppå desse.
Arkeologane kan derimot ikkje stola heilt på denne regelen.
– Me er ofte litt usikre, gjenstandane kan til dømes vera eldre enn sjølve laget, seier Winther.
– Me skal også gjera karbondateringar i etterkant av utgravinga, seier McGraw.
Det går ut på å måla mengda av 14C, som er ein variant av grunnstoffet karbon. 14C blir over tid brote ned. Nedbrytinga skjer med jamt tempo. Etter ganske nøyaktig 5730 år er halvparten av 14C-atoma forsvunne.
Gamle gjenstandar har altså mykje mindre 14C enn nye ting.
Arkeologane samanliknar mengda 14C med mengda av 12C, som er den vanlegaste karbon-varianten. 12C blir ikkje brote ned. Difor vil ein gjenstand innehalda like mykje 12C uansett om han er gamal eller ny.
Når arkeologane veit kor mykje 14C det er i forhold til 12C, kan dei rekna ut omtrentleg kor gamalt noko er.
Eit arkeologisk funn må innehalda karbon for at karbondatering skal vera mogleg. Treverk, bein og frø let seg datera på denne måten.
Ting laga av stein inneheld derimot ikkje karbon og må difor daterast på andre måtar.
🔍 Absolutt og relativ datering
Arkeologar skil mellom absolutte og relative dateringsmetodar.
Relativ datering handlar om å seia at noko er eldre eller yngre enn noko anna. Til dømes at jordlaga som ligg nedst er eldre enn dei som ligg over.
Absolutt datering er å finna ut alderen på noko uavhengig frå andre ting. Karbondatering er eit døme på dette.
McGraw fortel at arkeologane får ein peikepinn på alderen til nye funn ved å samanlikna dei med kjende ting. Gjenstandar kan ha ei form eller eit materiale som er typisk for eit avgrensa tidsrom.
– Flintproduksjon tilhøyrer bronsealderen og steinalderen, dimed veit me at flintavslaga er eldre enn starten på jernalderen, seier ho.













