Ungdomspartiet meiner at Stortinget må prioritera pengane betre.

mm
Faktaboks

KrFU sine kuttforslag:

Halvera auken i forsvarsbudsjettet.

Fjerna forslaget om redusert avkortning til gifte og sambuande pensjonistar.

Inga auke i BSU. Og redusera aldersgrensa for BSU frå 33 til 28 år. 

Droppa regjeringa sitt forslag om ein ekstra skuletime i naturfag

Kutta 1 milliard kroner i tilskot til utbyggingsselskapet for veg, Nye Veier AS.

Prisjustera avgifta på drivstoff

Auka CO2-komponent i eingongsutgifta

Stoppa kutt i formueskatten

Redusera sjukeløna til 80 prosent med unntak for gravide og kronisk sjuke

Auke avgiftene på sukker, alkohol og tobakk

LES FAKTALUKK FAKTA

– Om me meiner alvor med ein berekraftig velferdsstat må me kutte både i godar for unge og eldre, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit i ei pressemelding.

Dei har ei rekkje kuttforslag til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2016.

LES OGSÅ: Unge Høgre og FpU krev høgare BSU-grense

Lågare aldersgrense for BSU
I motsetnad til ungdomspartia Unge Høgre og FpU ønskjer ikkje KrFU noko auke i bustadsparing for unge (BSU), og føreslår attpåtil å redusere aldersgrensa for BSU til 28 år.

Regjeringa auka allereie i fjor taket for BSU-sparing. Før kunne ein spare 20.000 kroner i året til ein hadde maks 150.000 kroner på kontoen.

I dag kan unge opp til 33 år spare 25.000 kroner årleg med skattefrådrag og gunstige renter. I tillegg vil regjeringa auka maksgrensa for BSU frå dagens 200.000 til 300.000 i 2016.

– Me meiner at det er ein del av vårt ansvar å spara meir for framtidige generasjoner og bruka mindre enn i dag. Stortinget bør difor allereie no byrja omstillingsprosessen, seier KrFU-leiar Lindtveit, som tok over vervet etter Emil André Erstad under landsmøtet førre helg.

LES OGSÅ: BSU får æra for at ungdom sparar meir

Vanskelege diskusjonar
Regjeringa har i sitt forslag lagt opp til å bruka 194 milliardar kroner frå Oljefondet i 2016. Det er 2,8 prosent av fondets verdi, og ny rekord, ifølgje NRK.

Dette tykkjer KrFU-er feil retning å gå i.

– Om me held fram slik me gjer i dag, kjem statsbudsjettet til å gå med eit underskot på sirka 140 milliardar 2013-kroner i 2060 om me legg til grunn dagens velferdsnivå og arbeidsinnsats, seier Lindtveit.

Ungdomspartileiaren understrekar at dei skal jobba for ein berekraftig velferdsstat.

For å få til det føreslår dei mellom anna å redusera sjukeløna til 80 prosent.

– Me vil ta eit oppgjer med korleis me skal finansiera velferda i framtida. Som eit ledd i ei omstilling må Noreg våga å ta diskusjonar rundt vanskelege tema  som til dømes sjukelønn, meiner den ferske ungdomspartileiaren.  

Kutt i sjukeløn er noko både samarbeidspartiet Venstre og Unge Høgre har teke til orde for tidlegare.

Sjå fleire forslag frå KrFU i faktaboksen.

Les meir om statsbudsjettet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE