Høgre brukar 200.000 kroner på Snapchat-reklame – kvar dag

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Erna-filter på Snap kostar Høgre 200.000 kroner dagen

Framtida.no-journalist med Erna-filter, betalt av Høgre med litt milliardærstøtte (filteret altså, ikkje journalisten). Filteret er ikkje tilgjengeleg på nynorsk.
Har du sett Erna-filteret på Snapchat? Det gjer at du kan ta ein selfie med statsministeren, for høvet kledd i skinnjakke og Høgre-smykke medan ho gjer V-teikn. (Eit vink til eit visst undergangstrua samarbeidsparti?) Det finst også eit andletsfilter som gir deg runde solbriller med Erna Solberg i brilleglasa.
At dette har dukka opp no i valkampen, er det Høgre som betalar for. Og moroa kostar.
Nærare bestemt 200.000 kroner dagen, melder Klassekampen.
Avisa gjengir følgjande ordveksling mellom journalisten og marknadssjef i Høgre, Dag Terje Solvang:
«– Kor mykje kostar det at folk får opp det filteret?
– Det kostar ein del.
– Eg har høyrt eit rykte om at det kostar 200.000 kroner dagen?
– Det var ikkje noko dårleg rykte. Vi får fleire element på Snapchat, som linser, filter og annonsering.»
For å forsvara satsinga seier Solvang at «Snapchat har synt seg å vere ein bra kanal for å nå ut» og at «det er moro å eksperimentere på nye flater».
Då kjem det godt med at millardæren Christian Sveaas nyleg har bladd opp 3 millionar kroner for å hjelpa Høgre til valsiger, ifølgje same avis. Til saman har Høgre fått 11,7 millionar kroner i valkampstøtte – godt under halvparten av dei 29 millionane Arbeidarpartiet har samla inn frå sine støttespelarar. Noko Jonas-filter har likevel ikkje dukka opp på Snapchat.
På den andre sida har dei prøvd seg med JoMojis, utan at det ser ut til å ha gitt partiet det heilt store løftet på meiningsmålingane.
- LES OGSÅ: Fem tips for å gjere valkampen leveleg