No har også Arbeidarpartiet Snapchat-filter

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På fredag meldte Klassekampen at Høgre brukar 200.000 kroner dagen på reklame på Snapchat. Det inkluderer både eit statisk filter, eit andletsfilter og annonsar.

Framtida.no-journalist med både hundefilter og Ap-filter. Heller ikkje dette filteret er tilgjengeleg på nynorsk ?

No viser det seg at det ikkje berre er dei blå som brukar Snapchat som valkamparena. Søndag fekk brukarane også tilgang til eit Arbeidarpartiet-filter med teksten «Hva jeg føler om en ny regjering» og «Alle skal med.»

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er diverre ikkje å sjå på filteret. Han dukkar til gjengjeld opp i ei annonse frå partiet, der statsministerkandidaten bed brukarane innstendig om å ikkje klikka han bort etter at dei har sett ein Snap-story.

Noko andletsfilter har me så langt ikkje sett, men det er enno eit par veker att av valkampen.

Me går ut frå at også Arbeidarpartiet må bla opp ei god bunke med setlar for å betala for moroa. Uansett brukar dei truleg langt mindre på Snap-filter enn på roser.

Ifølgje Fagbladet skal Arbeidarpartiet i år dela ut 700.000 Fairtrade-sertifiserte valkamproser frå Kenya; med ein pris på 5 kroner per rose gir det eit rosebudsjett på 3,5 millionar kroner.

Om Ap betalar det same som Høgre, rekk dei ikkje brenna av meir enn 2,8 millionar kroner på Snapchat-reklame på dei 14 dagane som står att før valet er overstått.

Ifølgje Klassekampen har Arbeidarpartiet i år samla inn 29 millionar kroner i valkampstøtte, det meste frå LO og andre fagforeiningar.