Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Viktig høst for oss og verden.❤️»

Slik introduserer Sondre Justad (26) videoen han har spelt inn på fjelltoppen Festvågtind i Lofoten. I videoen, som er delt over 370 gonger sidan han blei lagt ut på Facebook i går, rettar Justad ein appell til fansen om å ha Lofoten, Vesterålen og Senja i tankane når dei stemmer ved stortingsvalet i haust.

Den populære artisten kjem frå Henningsvær, og kjenner mildt sagt ikkje at det riv i hjartet av tanken på at dei tre største partia i Noreg – Ap, Høgre og Frp – ønskjer å opna for oljeutvinning i havområda utanfor heimstaden hans.

– Dei er galne, seier Justad i videoen, med utsikt over Vestfjorden og Lofotryggen rundt seg.

Artisten kallar det «latterleg og absurd» å leita etter olje her fordi verdas største torskestamme gyter i desse havområda, og fordi oljelekkasjar kan bli svært skadelege på grunn av den smale kontinentalsokkelen og dei harde værforholda.

– Stem på eit av dei små partia som er for eit oljefritt LoVeSe, sluttar Justad. Sjå videoen i toppen av saka!