Jordklode og aksjonistar arrestert i Arktis

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jordklode arrestert i Arktis

Torsdag blei 35 aktivistar på Greenpeace-skipet Arctic Sunrise arrestert då kystvakten borda skipet ved Korpfjell-feltet i Barentshavet. Aktivistane aksjonerte der mot boreriggen Songa Enabler. Olav Nicolay Larsson Aga (24) frå Natur og Ungdom er om bord på skipet som no blir slept til Tromsø.

– Vi sit i arresten fordi me kjempar for eit leveleg klima for komande generasjonar. Klimaendringane øydelegg livsgrunnlaget til millionar av menneske allereie i dag. Det er Statoil og regjeringa som bryt grunnleggjande menneskerettar og burde stoppast av rettsvesenet, seier Olav Nicolay Larsson Aga frå Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Her ligg jordkloden arrestert på dekk om bord på Kystvakta. Foto: Greenpeace

Har saksøkt staten

Natur og Ungdom har saman med Greenpeace saksøkt staten for utdeling av oljeblokker i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde. Saka kjem for Oslo tingrett 14. november, likevel har Statoil fått løyve til å bora letebrønner sjølv om søksmålet ikkje er avklart.

– Oljealderen må ta slutt. Generasjonen min vil oppleva klimaendringane på kroppen. Politikarar og oljetoppar må slutta å tenkja på neste val eller neste kvartal og tenkja på barnet sine og barnebarn. Det er på tide å stoppa opp og seia at nok er nok, avsluttar Olav Nicolay Larsson Aga.

BAKGRUNN: – Miljøparagrafen er ikkje berre symbolsk