Politisk inspirasjon frå Bibelen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Alf Kjetil Walgermo er det berre nokre tiår sidan folk var mykje meir klar over at norske metaforar, populære namn og ikkje minst grunnleggjande verdisyn stammar frå Bibelen.

– Det er farleg om den kunnskapen forsvinn ut. Den er ein viktig del av allmenndanninga, å vite kor sentrale delar av kulturen vår og identiteten vår kjem frå, seier Walgermo til NTB.

Forfatter og journalist Alf Kjetil Walgermo har skrevet boka “‘Røff guide til Bibelen”. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ein dose galskap

Då Samlaget for tre-fire år sidan bad han skrive boka, måtte han tenkje seg lenge om og skrive nokre kapittel i hovudet, før han sa ja. Neste veke, 24. august, kjem den røffe guiden.

– Det er ein liten porsjon galskap i dette prosjektet, men eg såg behovet for ei bok om Bibelen som ikkje var eit akademisk eller teologisk verk, for dei som vil ha ei innføring i kva som står i Bibelen og treng starthjelp.

Walgermo trur at også folk som ikkje kjenner til kva den norske kulturen, dei norske verdiane, er tufta på, kan ha god nytte av boka hans, som ei orientering om det norske samfunnet.

– Kanskje mange kunne trengt ein røff guide til Koranen også?

– Ja, det ville absolutt vore nyttig, nokon ville nok kunne skrive ei slik bok. Eg håper nokon gjer det og gler meg i så fall til å lese den. Gjerne også skrifter frå andre religionar, seier Walgermo.

Guide til bøkene

Sju år gammal fekk Alf Kjetil sin første Bibel og har sidan då lese masse i den, fascinert av forteljingane og innhaldet. I vaksen alder auka interessa, både for Bibelen som litterært verk, som kjelde til eige forfattarskap og i sitt virke som litteraturkritikar og kulturredaktør i Vårt Land.

– Det er veldig interessant at Bibelen er så aktuell så mange år etter at den blei skriven, med ei evne til å provosere og inspirere. Mange av bøkene i den er jo stor litteratur, som til dømes Jobs bok, seier han.

Likevel trur han guiden han har skrive, vil appellere mest på grunn av at folk er nysgjerrige på kva som eigentleg står i Bibelen. Erkjenninga av at ein ikkje kan nok har truleg auka dei siste åra, med hyppige bibelreferansar i storfilmar og bestseljarromanar og bibelsitat i tv-seriar som «Skam» og «The Handmaid’s Tale».

– Vi omgir oss med kodar og allusjonar som vi må ha bibelkunnskap for å kunne knekke, seier Walgermo.

LES OGSÅ: Norske prestar trur ikkje på bibelforteljingane

Grufulle scener

Bibelguiden tar systematisk for seg alle bøkene, inkludert dei sju ekstra frå den katolske Bibelen som reformatoren Martin Luther i si tid vippa ut. Dei mest sentrale historiene får litt ekstra merksemd, det sentrale og viktige blir poengtert, men Walgermo har ikkje silt vekk sjølvmotseiingar og grusomheiter som Bibelen faktisk inneheld ein del av.

– Mange scener er grufulle og sjokkerande, som Josvas bok der Gud aktivt deltar i krigen. Det er ein vanskeleg historie å lese for oss i vår tid. Eg legg det berre fram. Så får det vere opp til lesarane korleis dei tolkar det, seier Walgermo.

For han svarer ikkje på alle spørsmåla som melder seg, som «korleis kan Gud vere så hemngjerrig i ein augneblink og så tilgivande i den neste?”.

Forfatter og journalist Alf Kjetil Walgermo har skrevet boka “‘Røff guide til Bibelen”, som utkommer på Samlaget 24. august. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sosial vinnar

«Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan ganske mykje meir enn dei fleste», står det i forordet. Walgermo innrømmer at dei mange kuriøse poenga er bra utgangspunkt for småprat.

– I tillegg til å få kunnskap, skal du ikkje sjå bort frå at det er ein del informasjon der som kan gjere deg til ein vinnar i selskapslivet, spøker han.

– Du har poengtert at persongalleriet i Bibelen fleire stader viser at dei har humor. Hadde Jesus sans for humor?

– Det er ingen referansar til at han drog vitsar akkurat, men det er eit poeng der at han var eit menneske som alle andre, og då skulle det vore rart om han ikkje kunne spøke og le. Eg er nokså sikker på at han hadde det, det er ein sosial eigenskap, og Jesus var utvilsamt god til å omgåast menneske, seier Walgermo.

LES OGSÅ: Skal lesa Bibelen på 80 timar

Bibelen og valkamp

Bibelsitata blir gjerne trekt fram når nokon vil gi eigne argument tyngde. Kan ein finne argument for dei fleste syn – for eksempel i desse valkamptider?

– Eg trur du kan finne aspekt ved politikken til dei fleste politiske partia i Bibelen. Du har solidaritetsprinsippet til SV og Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti si poengtering av omsorg for dei svake og fattige. Så kan sikkert Høgre finne eit godt argument i å forvalte sitt pund på rett måte og sikre økonomisk vekst. Ikkje minst står det at då Gud skapte verda var det ei grøn jord, i starten var til og med menneska vegetarianarar, og dei skulle forvalte skaparverket. Det er eit godt klimabodskap for Miljøpartiet Dei Grøne, seier Walgermo.

– Kva med argument for fanesakene til Framstegspartiet?

– Oi oi oi! Vel, først og fremst vil eg oppfordre dei til å lese Bibelen sjølv, seier han.

LES OGSÅ: Religiøse tenkjer mindre kritisk

Fakta om Bibelen

* Ordet bibel stammar frå greske «biblia», fleirtalsform av «biblíon», som betyr «lita bok».

* Inndelt i Det gamle testamente (GT) og Det nye testamente (NT).

* GT har dei kristne til felles med jødane.

* Dei første kristne hadde GT som si heilage skriftsamling.

* Bøkene i NT kom til etter kvart og blei brukt i gudstenester og undervisning.

* Skrifter som kunne knytast til Jesu apostlar blei anerkjent som delar av Bibelen, først dei fire evangelia, Gjerningane til Apostlane og Paulus-breva.

* Bibelen var formelt ferdigstilt med 73 bøker då den blei definert og anerkjent på kyrkjemøtet i Kartago i år 397.

* Under reformasjonen fjerna Martin Luther sju bøker i Bibelen, dei såkalla apokryfane, slik at den protestantiske Bibelen har 66 kapittel.

* Den boka som er mest lest i verda og som er trusgrunnlag for over to milliardar kristne

* Ein grunnstein i tenkjesettet, kultur og utvikling til den vestlege sivilisasjonen

* To av tre nordmenn eig ein Bibel eller eit nytestamente, og av desse har 18 prosent lese i den gjennom det siste året.

* Blir omsett stadig til nye språk og i nye versjonar, slik at teksten blir forståeleg for nye generasjonar.

* Siste omsetting til norsk kom i 2011

(Kjelde: «Røff guide til Bibelen», Alf Kjetil Walgermo, Samlaget)