Skal lesa Bibelen på 80 timar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Noko mange kanskje ikkje veit, er at Bibelen er forboden i 18 land. Men den er også den boka som vert mest stelt i verda.

Det kunne Cecilie Grøttveit fortelje då ho opna Bibelmaraton i Knarvik kyrkje onsdag kveld.

Vel 200 personar fekk med seg startskotet for Bibelmaratonet som skal vare samanhengande i fire døgn. Ved sida av døgnkontinuerlig lesing av Bibelen, kjem det også til å vere ulike innslag frå forskjellige artistar, predikantar og kor som skal underhalde undervegs gjennom alle dagane.

LES OGSÅ: Nynorsk ordliste er meir populær enn den Bibelen på nynorsk

– Hjelp til riktige val
Anja Thorbjørnsen ville få med seg opninga av maratonet fordi ho var nysgjerrig, men mest fordi Bibelen betyr mykje for ho.

– Bibelen er viktig for meg fordi eg har ei tru på Jesus og Bibelen og Guds ord er viktig for meg i kvardagen. Dette hjelper meg å sjå livet på ein annan måte, og det hjelper meg å ta riktige val, seier Anja.

Sjølv om Bibelen også for mange kan vere vanskeleg å forstå, tenkjer Anja at det er mykje i boka som alle kan kjenne seg att i.

– Det er mange løfter i Bibelen. Det står at Gud skal alltid vere med deg, Han skal aldri svikte. Det står at det er kraft, at det er liv og kjærleik. Det er mykje fokus på kjærleik i Bibelen. Alt dette er med på å hjelpe meg å halde perspektiv i livet, bedyrer Anja.

LES OGSÅ: Norske prestar trur ikkje på bibelforteljingane

Liv og død
– Det er i Bibelen ein berre finn det gode bodskap ein bær gjennom livet og døden, sa predikant Oddvar Johan Jensen.

Han haldt eit miniforedrag han kalla «5 gode grunnar til bibellesing».  

Kanskje ordet «Bibelmaraton» kling vel tungt i mange sine øyrer, men Anja meiner poenget med eit Bibelmaraton ikkje er at ein skal måtte «døgne».

– Poenget er nok å setje fokus på Bibelen, og at det skal vere ei open kyrkje kor ein kan koma og gå som ein ynskjer, sitje og lytte og ta til seg atmosfæra, seier ho.