Tre av fire norske kristne leiarar trur skapingsforteljinga berre er ei forteljing med symbolsk og overført meining.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det viser ei lita undersøking Vårt Land har gjort blant 58 prestar og pastorar i Noreg. I alt 200 vart spurt, men berre 58 svarte på undersøkinga. Halvparten svarte at dei trudde på evolusjonslæra, mens ein tredel ikkje trudde på denne. Samtidig svarte vel halvparten at dei meinte at historia om Noahs ark og syndfloda viste til ei historisk hending.

Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, meiner det kan vere problematisk med eit meir bokstavtru syn på skapingshistoria og syndefloda.

– Eg synest ein del menneske gjer det utruleg vanskeleg både for seg sjølve og andre viss dei skal lage ei motsetning mellom skapingshistoria i Bibelen og det den moderne forskinga kjem fram til. Det er heilt unødvendig, og det gjer trua vanskeleg, seier han. (©NPK)

Les fleire saker om livssyn og religion her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE