Førre boka hans fekk Mette-Marit til å grina. No kjem Anders Totland med to nye bøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk Mette-Marit til å grina - no kjem han med to nye bøker

– Kanskje det er fordi eg har hatt det for lett?

Anders Totland sit på ein kafé og snakkar om den nye ungdomsboka si, og kvifor han likar å skriva om det mørke.

– Eg har ikkje hatt behov for å ta ein einaste kamp i livet. Eg fekk eit jobbtilbod her, og ein kjæraste der. Eg fekk ein ny jobb der, men fekk halda på kjærasten.

– Enkle kvardagar er ikkje spennande. Eg er fascinert over kor vondt det kan bli, seier forfattaren som til vanleg jobbar som journalist i avisa Sunnhordland.

Overgrep

Så lenge ingen ser oss handlar om overgrep i ein liten familie. Det er den andre ungdomsromanen til Anders Totland på Gyldendal. Boka er lett å lesa – men det er vondt å lesa nokre av scenene.

– Det er mange tunge tema i ungdomstida, og å ta dei på alvor synest eg er ein fin ting. Det som betyr noko er om det er godt skrive. Unge treng alle typar bøker, både dei som tar for seg mørke tema, og dei som ikkje er så mørke.

I arbeidet med boka har han lese seg opp på reelle saker gjennom rettspapir.

For lesarane hans i Sunnhordland er det fleire som vil dra kjensel på miljøskildringane, utan at Totland har skrive kvar personane i boka bur.

Større enn å få Mette-Marit til å hulka

Den førre boka hans, Engel i snøen, fekk strålande kritikk frå bokmeldarane, og Nynorsk barnebokpris.

På under to år har trebarnsfaren klart å gi ut fire bøker ved sida av jobben som journalist i Sunnhordland.

Kronprinsesse Mette-Marit sa tidlegare i år at ho grin meir enn borna gjer då dei les boka. – Eg hulkar, sa ho til Aftenposten Junior.

Ein fin attest – men at boka fekk terningkast 5 i Dagbladet og blei nemnt tre veker på rad som éi tilrådd bok – det var større, ifølgje Anders Totland.

LES OGSÅ: Ærleg, nakent og dritseriøs

God erfaring frå kokkeyrket

Etter ungdomsskulen var planen staka ut. Han skulle bli kokk, men 22 år gamal blei han journalist for Haugesunds Avis og Innsida.

– Eg har hatt meir nytte av erfaringa som kokk, når eg no har blitt forfattar. Måten å organisera arbeidsdagen som ein kokk må gjera, har hjelpt meg mykje, seier småbarnsfaren som pendlar kvar dag frå Valen i Kvinnherad til Leirvik.

Det er ikkje mange som klarer å gi ut fire bøker på under to år ved sida av full jobb.

Om nokre veker kjem han med kokeboka Digg. Bilda i boka er tatt av kollega i Sunnhordland, Marius Knutsen. Lesarane av Sunnhordland kan kjenna igjen nokre av oppskriftene frå Digg-spalta, men Anders Totland lovar mange nye oppskrifter.

– Eg tenkjer det er ei bok som damer vil kjøpa til mannen for å freista han til å laga meir god mat, fortel kokebokdebutanten.

I haust skal han ta seg fri frå journalistjobben i fem veker for å reisa på skuleturné. Han har òg fått stipend til å skriva om ei sakprosabok for born om slavehandel, og er godt i gang med endå ein ungdomsroman som etter planen kjem ut neste år.

LES OGSÅ: Stillferdige bøker fengjer ungdom

Tips til nye forfattarar

– Det viktigaste tipset mitt er å ikkje vera redd for å senda inn manuskript til alle forlag. Sjølv om det kan bli avslag, så kan ein ofte få gode tips til å ta med vidare i skrivinga.

– Ikkje gi opp, men prøv igjen! Eg sendte mitt første manuskript inn som 19-åring. Ti år seinare sendte eg eit nytt manuskript og då klaffa alt.

– Det må jobbast og skrivast.

– Eg pønskar ofte, men dveler lite. I løpet av ein fjelltur kan eg ha tenkt ut mykje. Då sit eg meg ned for å skriva ned med ein gong. Eg bruker ekstremt lite tid på å tenkja over om det er bra nok.

– Det gjeld å overtyda seg sjølv om at ein er verdas beste til å gjera det ein skal. Så er det sjølvsagt nokre dagar der eg tenkjer at nokon kjem til å avsløra at eg driv og lurer folk, og eigentleg ikkje har peiling. Men eg lært av Agnes Ravatn at det er ei kjensle ein får leva med, så det har eg slutta å tenka på.

Få med deg siste boknytt! Meld deg på nyhendebrevet vårt!

Anders Totland

Aktuell med ungdomsboka Så lenge ingen ser oss og kokeboka Digg.

Fekk tidlegare i år utdelt Nynorsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag for ungdomsboka Engel i snøen. Har òg gjeve ut barneboka Vampyrane i eplehagen.

Fødd 18. november 1986. Vaks opp på Bømlo, bur no i Kvinnherad.