To lågmælte bøker på nynorsk om sjukdom og død toppar lista over kva bøker som har fått flest bokmeldingar i kåringa av Årets ungdomsbok.

NPK-Margunn Sundfjord
NPK-Margunn Sundfjord

Som ein del av den såkalla Uprisen, blir ungdom i heile landet kvart år inviterte til å melda nye ungdomsbøker. Då fristen for å melda bøker i år gjekk ut torsdag, hadde den vesle boka Engel i snøen av Anders Totland fått soleklart flest bokmeldingar. Til saman har det kome inn 98 meldingar av boka. Sidan Uprisen blei oppretta for ni år sidan er det berre ei bok som har fått fleire bokmeldingar. Det er boka Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo. 101 ungdommar sende i fjor inn melding av boka. 

Dei to bøkene har fleire likskapar. I tillegg til å vera på nynorsk og veldig korte, handlar dei begge om sjukdom og død blant unge menneske. 

– Stillferdige og godt skrivne
– Det som er litt interessant med begge desse bøkene er at dei er veldig stillferdige og litt poetiske. Dei frir ikkje til ungdom med action, død og krig. Eg trur hemmelegheita med dei rett og slett er at dei er svært godt skrivne. Dei har ei nerve som gjer at lesarane blir gripne av det dei les, seier Bjarte Bakken (bildet) som er prosjektleiar for Uprisen til Nynorsk pressekontor.

At bøkene i tillegg er korte og at boka til Anders Totland kom ut tidleg på året slik at mange ungdommar fekk høve til å melda henne, spelar nok også inn, meiner han.  

– Store spørsmål opptek ungdom
Forfattaren Anders Totland trur menneske er opptekne av dei same spørsmåla uansett alder. Ikkje minst trur han mange ungdommar tenkjer mykje på dei store spørsmåla i livet. 

– Sjølv har eg i alle fall aldri vore meir oppteken av spørsmåla rundt livet og døden, og kva som kjem etter døden – enn då eg var i tenåra, seier Totland.

Han meiner difor ungdom er den perfekte målgruppa for å skriva om dei store spørsmåla anten det gjeld kjærleik, sjukdom, død eller andre tema. 

Kort og intens historie
Boka hans Engel i snøen har blitt kalla ein punktroman og er sett saman av korte kapittel som hoppar litt fram og tilbake i tid medan det blir fortalt ei kort og intens historie. 

– Utan at det blir fortalt eksplisitt, er det ganske tydeleg at handlinga går føre seg på ei kreftavdeling, og det er ikkje alle som overlever, fortel forfattaren.

Boka er berre på 70 sider – medrekna illustrasjonar og ein del blanke sider innimellom. Totland ser ikkje bort frå at ein del ungdommar har valt å melda boka hans nettopp fordi ho er så kort.

– Viss det skulle stemma, er det likevel veldig oppløftande at resultatet har blitt så mange gode tilbakemeldingar, legg han til. 

Sjølv om tilbakemeldingane er litt blanda, endar ungdommane som har sans for boka ofte opp med å gje terningkast fem og seks. Mange skriv også at dei blei sterkt gripne. 

Anders Totland debuterte med ungdomsboka Engel i snøen våren 2016.

Sterke skulebesøk
Det same opplever Totland når han er på skulebesøk. I haust har han hatt eit eige opplegg der han framfører boka si med musikk til. Det har resultert i mange sterke opplevingar. 

– Det er mykje grining og mange sterke følelsar. Mange kjem bort til meg etterpå eller sender melding. Også lærarane fortel om sterke inntrykk. For meg som har sete heime i stovekroken og skrive noko eg håpte skulle bli fint, er ein slik respons ein fantastisk motivasjon å få. 

 Totland meiner responsen tyder på at det er behov for ungdomslitteratur rundt eksistensielle tema. Samtidig er han oppteken av at det skal vera god litteratur.

– Boka skal ikkje vera noko litteratur-andaktsbok for folk med sjuke ungar, strekar han under. 

Boka byggjer heller ikkje på noko han har opplevd sjølv.

     – Eg stel rått av input frå omgjevnadane, seier han og fortel at han har vore organist sidan han var fjorten og har fått med seg ganske mange gravferder. Som presteson hende det også at han skjøna at nokre av telefonsamtalane til faren handla om dødsbodskap.  

Sjølv om boka hans er kort, håpar han at ho kan vera eit pusterom i ein travel kvardag. Ei boble der folk kan kopla litt ut og kjenna at det er godt å vera. 

LES OGSÅ: Ærleg, nakent og dritseriøst

Pris i det blå
At boka til Anders Totland har fått rekordmange bokmeldingar, betyr likevel ikkje at sunnhordlandsforfattaren er blant favorittane til den årlege Uprisen. 

– Det er ikkje sikkert eg blir nominert ein gong, medgjev forfattaren. No skal ein jury på tre ungdommar først lesa alle dei vel 1200 bokmeldingane som har kome inn. Etterpå skal dei plukka ut fem finalistar. Kven dette er, blir kunngjort i januar ein gong. 

Deretter er det ein ny jury som skal lesa dei fem bøkene og diskutera seg fram til ein vinnar som blir kunngjort på Litteraturfestivalen på Lillehammer i juni.

Framtida.no sin bokmeldar om Engel i snøen: Skal du lesa éi ungdomsbok i år, så bør du lesa denne!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE