Ærleg, nakent og dritseriøst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde lyst til å skriva noko eg aldri hadde gjort før. Eg ville skriva dritseriøst, utan ironisk distanse. Det skulle vera det ærlegaste og mest nakne eg hadde skrive, fortel den 29 år gamle forfattaren.

Det byrjar med ei scene der hovudperson ser ut på snøen. Lesaren får ikkje vita kor gamal eller kva kjønn hen har, men me skjønar etter kvart at me er på eit sjukehus. Er det snakk om ein alvorleg kreftsjuk ungdom?

Boka tar opp fleire grunnspørsmål ved livet: om Gud finst, om døden og om kva som kjem etterpå.

– Eg prøver å ta desse store spørsmåla på alvor, med ei søkande tilnærming, seier forfattaren, som håpar flest mogleg kan relatera seg til hovudpersonen.

LES OGSÅ: Einaste nynorske ungdomsboka i vår

Sterke møte
Anders Totland hugsar godt første gongen han var i ei gravferd. Det var ein klassekompis av broren som hadde døydd av kreft. Han hadde opplevinga i bakhovudet då han skreiv boka.

I boka møter me ein prest, slik me òg gjorde i barnebokdebuten Vampyrane i eplehagen. Men prestesonen tilbakeviser at det er sjølvbiografisk.

– Eg har levd eit veldig sutalaust liv, seier trebarnsfaren med bustad på Valen i Kvinnherad.

Men i jobben som journalist for Sunnhordland har han møtt mange sterke historier – anten det har vore snakk om personar med alvorleg sjukdom eller rusmisbruk.

– Det mest gjevande intervjuet eg har hatt med nokon, var med ei som låg for døden med kreft.

Les intervjuet med Totland om vampyr-boka!

Blei til på tre dagar
– Eg har slukt ungdomsbøker dei siste åra. Det finst så mykje bra, seier Totland, som har følgt rådet han har fått om å lesa ny ungdomslitteratur.

Ei av fjorårets bøker, Glimt av Tor Arve Røssland, klarte han ikkje å leggja frå seg før han var ferdig.

Engel i snøen var ein historie som kom raskt i sommarferien. Han sette seg ned ein torsdag og søndagen etter var boka sendt til forlaget. Etter fire veker ringte Gyldendal. Dei ville gi ut boka. Etter dette blei det tre månader med finpuss.

Fredag 18. mars blir boka offisielt slept.

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Med i antologi
Og ikkje nok med det. Seinare i år blir han igjen bokaktuell. Totland er ein av bidragsytarane i Fantasiboka – ein antologi utgitt på Skald forlag. Boka er den femte i den populære barnebokserien illustrert av Gunvor Rasmussen. Einar Økland og Ragnar Hovland er berre nokre av dei som har skrive tekstar i serien.

– Det er ikkje så mykje som gjer meg audmjuk, men dette gjer det. Det første eg sa til kona mi då eg byrja å skriva historier, var at den største draumen var å bli illustrert av Gunvor Rasmussen, avsluttar Totland.

Boka er venta på seinsommaren.

MELD DEG PÅ! Få siste boknytt i innboksen!