Unge slit når forholdet til nære sviktar

Kva kjenneteiknar ungdom som slit? Ein ny rapport ser på fellestrekk og på korleis funna kan brukast til å fange opp unge i risikosona.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdom som har svake relasjonar til foreldre, venner eller skule, har større risiko for utanforskap og helseproblem enn jamaldra som ikkje har slike problem, går det fram av ein rapport frå forskingsinstituttet Nova.

For ungdom der alle dei tre relasjonane er svake, svarer tre av fire at dei har depressive symptom. Halvparten har vorte mobba, og dei har mykje dårlegare helse og lågare sjølvbilete enn ungdommar med eit godt forhold til foreldre, skule og venner, viser rapporten, som vart lagt fram tysdag i samband med politikarmønstringa Arendalsveka.

– Det er viktig at kommunane bruker kunnskapen ved å identifisere kva arenaer som sviktar, og kva som kjenneteiknar ungdommen som blir svikta. Da blir det òg lettare å vite kor ein skal rette innsatsen, skriv forskarane Patrick Lie Danielsen og Marianne Dæhlen.

– Avdekkjer kommunen at vennerelasjonen sviktar hos dei unge, kan ein til dømes setje ressursar inn på fritidsklubbar. Indikatorane gjer det lettare å treffe med tiltaka, heiter det vidare.

Meir enn kvar sjette ungdom

Det er Helsedirektoratet som har tinga rapporten. Målet er å finne ut meir om ungdom som slit – kven dei er, kva som kjenneteiknar dei, og korleis ein kan bruke funna til å sette inn tiltak.

Funna er basert på svar som er gitt gjennom undersøkinga Ungdata.

* 18 prosent av ungdommane blir klassifiserte med minst éin svak relasjon.

* Knapt 14 prosent har utslag på éin, 3,9 prosent på to og 0,7 prosent med utslag som viser dårleg forhold til både foreldre, skule og venner.

* Fleire jenter har svake relasjonar enn gutar. Det er særleg i forhold til skolen at jenter rapporterer om ein vanskeleg situasjon.

* Når relasjonane sviktar på fleire område, aukar risikoen for kontakt med valds- og kriminalitetsprega miljø.

* Dei som har svake relasjonar til foreldre, skule eller venner, deltar gjerne mindre i organiserte fritidsaktivitetar. Derimot scorar dei gjerne høgt på skjermbruk.

LES OGSÅ: Drikk seg oftare rusa framfor barna

40 prosent slit psykisk

Det å ha eit godt forhold til foreldre, skule og venner ser ut til å vere avgjerande for ungdommane. Blant dei som oppgir at dei har ein dårleg relasjon til berre éin av desse tre, svarer 40 prosent at dei slit med psykiske plager.

Forholdet til foreldre, venner og skule heng saman med kva ressursar dei unge har elles i livet, avdekkjer rapporten. Jo fleire dårlege relasjonar, jo høgare er delen som har ein familiebakgrunn med lite utdanning og få sosiale og økonomiske ressursar.

Forskarane meiner dette kan gi ungdom urettferdig dårlege sjansar i livet. Berre 20 prosent av dei med svake relasjonar på dei tre nøkkelområda, har trua på at dei får eit godt og lykkeleg liv.

– Heldigvis er det å vere utsett på alle arenaer eit relativt lite fenomen, det gjeld under éin prosent av ungdommane. Men det er svært viktig at vi ser den gruppa som fell utanfor, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør for folkehelse i Helsedirektoratet.