Tenåringar med lågt utdanna foreldre drikk meir

Slapp oppdraging og alkoholbruken til foreldra kan vere noko av forklaringa.

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drikk seg oftare rusa framfor barna

Det viser ei fersk undersøking frå Folkehelseinstituttet. Forskarar har snakka med 18.000 ungdommar frå 82 skular i 16 kommunar.

Hilde Pape, forskaren bak undersøkinga, uttaler til instituttet sine heimesider at dei fann eit tydeleg mønster.

– Tenåringar med lågt utdanna foreldre drakk alkohol hyppigare, og var langt oftare fulle enn andre. Dei hadde også ein tidlegare alkoholdebut, fortel forskaren ved Folkehelseinstituttet. Det samme gjaldt tenåringer med arbeidsledige eller trygda foreldre.

LES OGSÅ: Folk flest vil ikkje la 18-åringar drikke sprit

Aksepterer at tenåringane drikk
I aldersgruppa 13–14 år hadde 35 prosent med foreldre med låg utdanning drukke alkohol det siste året, mot 23 prosent blant 13–14 åringar elles. 17,5 prosent av 13–14 åringane med foreldre med låg utdanning hadde vore fulle det siste året, mot ti prosent blant resten av 13–14 åringane. 

Pape, seier til NRK at dette truleg handlar om ulik oppdragingsstil, der foreldre i lågare sosiale lag i mindre grad følgjer opp barna sine med støtte og grensesetting rundt alkoholbruk. Aksepten for at tenåringar drikk alkohol var større blant desse.

– Dei drakk seg også i større grad rusa framføre sine eigne tenåringsbarn, fortel forskaren til NRK. 

LES OGSÅ: Alkohol har ikkje positiv helseeffekt.