Uroa over mykje engelsk ved universiteta

I nokre fag ved universitet og høgskular er nesten 100 prosent av pensum på engelsk, ifølgje Språkrådet, som uttrykkjer uro over utviklinga.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennomgangen omfattar pensumlistene i første semester ved Universitetet i Oslo, Høgskulen i Oslo og Akershus og Universitetet i Bergen.

– Universitets- og høgskulesektoren er eit område der statusen til norsk språk er under press, og vi er uroa over den auka bruken av engelsk i denne sektoren, seier seniorrådgjevar Ole Våge i Språkrådet.

Blir ikkje budde på norsk arbeidsliv

– Studentane blir ikkje godt nok førebudde på eit norsk arbeidsliv, som dei fleste skal jobbe i. Som fagfolk må dei vere i stand til å kommunisere presist og effektivt på norsk med kundar, kollegaer, pasientar og politikarar, og dei må bruke eit språk som vi kan bruke i den offentlege debatten, og som alle forstår. For eksempel er store, viktige samfunnsdebattar om genteknologi og klima avhengig av eit språk folk flest har tilgang til, fortset han.

LES OGSÅ: Norsk taper for engelsk

Verst og best

I fag som for eksempel psykologi, biovitskap, informatikk, geologi og filosofi er nesten 100 prosent av pensum på engelsk. Om ein ser bort frå ex.fac.-litteraturen, skjer praktisk talt all lesing av fagstoff på framandspråket det første året for desse faga, ifølgje Språkrådet.

Dei trekkjer samtidig fram andre fag der det er mindre engelsk på pensum, som arkeologi og kriminologi ved Universitetet i Oslo med høvesvis 72 og 50 prosent engelsk. Også innan profesjonsfag som sjukepleie, rettsvitskap og ingeniørfag står norsk framleis sterkt som undervisnings- og pensumspråk. (©NPK)

LES OGSÅ: Få universitetslærarar kjenner til måla i språkpolitikken