Få universitetslærarar kjenner måla i språkpolitikken
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Parallellspråklegheit er altså at norsk skal vere det nasjonale fagspråket, og engelsk det internasjonale.
Samtidig veit berre ein firedel av lærarane om institusjonen dei arbeider ved, har laga eit eige språkpolitisk dokument i tråd med språkmeldinga, går det fram av undersøkinga TNS Gallup har gjort for Språkrådet.
– Overraskande få kjenner til det sentrale omgrepet parallellspråklegheit, og det er stor mangel på kunnskap om den gjeldande språkpolitikken i universitets- og høgskulesektoren, skriv seniorrådgivar Dag F. Simonsen i Språkrådet i ein artikkel i bladet Språknytt.
LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen landet over
Mange underviser på engelsk
Undersøkinga viser elles at 59 prosent av dei som underviser ved universiteta og høgskulane, har undervist på engelsk dei siste to åra. Over halvparten av desse, 54 prosent, meinte likevel at fagstoffet vart betre formidla på norsk.
Berre 14 prosent meinte engelsk var det beste, men her var dei yngre meir positive til engelsk enn dei eldre. I aldersgruppa 25– 44 år meinte så mange som 23 prosent at formidlinga av fagstoffet blir betre på engelsk. Blant dei som hadde ein annan språkbakgrunn enn norsk, var talet 48 prosent.
Berre 6 prosent av dei 545 spurde universitets- og høgskulelærarane vurderte sin eigen kompetanse i engelsk som dårleg, mens 73 prosent meinte dei var gode eller svært gode i engelsk. Resten meinte engelskdugleiken deira var meir midt på treet.
LES OGSÅ: Nynorsken tapte i Sandnes
Strategiseminar
Det var dessutan fleire med høg enn med middels eller låg vurdering av sine eigen kompetanse i engelsk, som faktisk hadde undervist på engelsk dei siste to åra. God engelskkompetanse hos læraren, aukar med andre ord sjansen for at dei underviser på språket.
Språkrådet og Universitets- og høgskulerådet skal denne månaden møtast til eit strategiseminar om språkbruken i den høgare utdanninga. Språkrådet håper det kan leie til at kunnskapen om den gjeldande språkpolitikken aukar blant dei som underviser ved universiteta og høgskulane.
LES OGSÅ: Skrinlegg Vestlands-universitet