– Noreg har gått frå måtehald til luksus og sløsing

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang. Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Ola Eian, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, svarar slik:

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Norske verdiar er summen av verdiane til folket som bur her i landet. Nokre av dei er i stadig endring, medan andre ligg meir fast. Til dømes har me gått frå å vere eit nøysamt folk kor knappheit på ressursar gjorde måtehald til ein dyd, til eit rikt industrielt land kor luksus og øydsling har blitt norma. Likeverd, ytringsfridom, demokrati er døme på grunnverdiar som har lege fast over lang tid.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Hets og hatprat trugar ytringsfridomen. Internett har gjort det mykje enklare å sende «hatbrev» digitalt. Framveksten av offentlege kommentarfelt utan moderatorar eller redaktøransvar gjer det mykje verre å delta i samfunnsdebatten. Kvinner, skeive og personar med minoritetsbakgrunn blir særleg ramma, og det høgnar terskelen for å delta. Meir hatpart og eit hardare debattklima skremmer viktige røyster frå å ytre seg og gjer samfunnsdebatten mindre mangfaldig.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Det vanskelegaste må vere den ulike verdsoppfatninga. Norske politikarar jobbar internasjonalt for å redusere etterspurnaden etter fossil energi, medan dei investerer arbeidskraft og enorme summar i oljeproduksjon for mange tiår framover. Ein kan ikkje gjere begge deler, og forskinga er eintydig om at det fossile må bli liggande i bakken. Det er vanskeleg å diskutere når politikken ver frikopla frå fakta.

– Dei same politikarane som ler på innpust av Trump sitt «clean coal» pratar om verdas reinaste olje på utpust.

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– I tillegg til korleis ein held seg til fakta, handlar det om kven ein bryr seg om. Navleskodande vaksenpolitikarar burde bry seg meir om menneske i andre land, framtida til ungdommen, og dyra og naturen som utgjer livsgrunnlaget vårt. Om vi lyfter blikket, viser omsut for fleire og tenker langsiktig vil fleire sjå at vi ikkje berre må bli det beste landet i verda, men for verda.

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Kva ein verdset avgjer kva ein stemmer politisk. Det har alt og seie for framtida til alle unge at vi får eit skifte i forståinga og verdiane til norske politikarar. Vi som er unge har vakse opp med klimaendringane og vi veit at det er vi som må leve på ein kokande klode om dei vaksne politikarane ikkje startar omstillinga no. Løysningane ligg der, og ungdommen veit det. Eg trur ikkje det blir like lett å komme unna med tåkeprat om klima i dette valet.

Les kva dei andre leiarane av ungdomspartia svarar!