Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå gamalt av heiter det at auga er vindauge til sjela. Ny forsking tyder no på at Instagram kan vera eit vindauge til sinnet.

Amerikanske forskarar har i alle fall klart å utvikla eit dataprogram som kan finna ut om nokon er deprimert eller ikkje ut frå kva slags bilete dei legg ut på Instagram. Det skriv Huffington Post UK.

I studien, som er publisert i EPJ Data Science, fekk forskarane dataprogrammet til å analysera 43 950 bilete frå 166 ulike brukarar. 71 av brukarane hadde diagnosen depresjon. I heile 70 prosent av tilfella klarte dataprogramma å identifisera dei deprimerte forsøkspersonane, berre basert på bileta dei la ut.

Til samanlikning har tidlegare studiar vist at allmennlegar berre klarer å identifisera depresjon i 42 prosent av tilfella.

Søkjer du opp emneknaggen #depression på Instagram, får du dette varselet.

Mørkare bilete

På førehand hadde forskarane funne ut at bileta som er lagt ut av brukarar med depresjon skil seg ut på fleire måtar frå bilete som andre deler: Dei er mørkare, inneheld oftare andlet og har sjeldnare filter. Om dei har filter, er det oftare svart/kvitt-filter.

Deprimerte deler også bilete oftare enn andre, ifølgje forskarane.

Desse dataa gjorde at dataprogrammet nokså treffsikkert kunne avgjera kven av brukarane som var diagnostiserte med depresjon. Det var også mogleg å spora teikna på depresjon i bilete brukarane hadde lagt ut før dei fekk diagnosen.

App som plingar legen?

Studien er liten, og forskarane understrekar at mykje meir forsking trengst for å gi sikre funn. Dei meiner likevel at dei er inne på eit viktig spor.

– Når ein større og større del av dei sosiale interaksjonane våre skjer på nett, er potensialet enormt for algoritmestyrt identifisering av mange tidlege faresignal på psykiske og fysiske sjukdomar, seier Dr. Chris Danforth ved Universitetet i Vermont i ei pressemelding.

Danforth illustrerer korleis denne typen forsking kan brukast til å førebyggja sjukdomar i framtida:

– Tenk deg ein app du kan installera på telefonen som plingar legen din for ein helsesjekk når åtferda di endrar seg til det verre – potensielt før du sjølv har oppdaga eit problem.