Deprimert? Du er ikkje åleine!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som er felles for studentane er at dei er utsett for nokre belastingar som me kallar livsbelastningareller livskriser, seier Kari Jussie Lønning, leiar for SiO Helse og styreleiar for Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT).

Studentane skal flytte heimafrå og klare seg sjølv, styre økonomien sin og få seg eit nytt sosialt nettverk, noko som ikkje kjem like lett for alle. I tillegg skal dei prestere på høgt nivå fagleg.

– For nokon vert endringane og belastinga for mykje. Nokre studentar kjem for første gang i kontakt med ei sårbarheit dei ikkje har kjent på tidlegare, at dei er disponert for depresjon og angstanfall, seier Lønning.

Éin av fem slit psyisk
I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse frå 2014 fortel éin av fem studentar om alvorlege psykiske plager, noko som er dobbelt så mange som i resten av befolkninga.

Depresjon kan oppstå av ei konkret livskrise, eller kan kome snikande utan noko openberr grunn. Lønning forklarar at mange treng erkjenningstid for å finne ut at dei kanskje slit med noko som er «utover normalen».

– Alle har gode og dårlege dagar og det kan vere vanskeleg å vete kva som er normalt, utan at det er sjukdom. Alle vil oppleve periodar der dei slit. Det er ikkje slik at ein er åleine i verda om å oppleve det ein gjer. Det er viktig å tørre å ta kontakt og snakke med nokon før belastinga vert for tung. Det slit på å bere på depressive tankar eller angstproblematikk, seier Lønning.

Ver varsam  
– Kva kan ein gjere dersom ein ser at nokon slit?

– Det kjem an på kva slags relasjon ein har. Dei fleste vil truleg vere takksame for at nokon ser dei. Ein kan spørje om ein skal ta ein kaffi ein dag, og sei at «eg veit ikkje om eg har oppfatta det riktig, men eg lurer på om du ikkje har det så bra».

Ifølgje Lønning kan mange bli skremt og trekkje seg unna, dersom ein går rett på sak og spør om dei er deprimerte.

– Som medmenneske skal ein vere varsom med å operere med diagnosar. Ei forsiktig, men interessert tilnærming er nok det beste. Er ein nyfiken, interessert og støttande vil det av dei fleste oppfattast som ein trygg og god invitasjon til å dele,  seier Lønning.  


Her kan du få hjelp:

Fastlegen kan hjelpa deg vidare, anten gjennom samtalar eller ved å vise vidare til ein spesialist

Vidaregåandeelev? Helsesøster har tausheitsplikt og veit kven ho skal kontakte

Student? Oppsøk helsetenestene til din lokale Studentsamskipnad. Dei har ofte lågterskeltilbod eller psykologar og kan uansett vise deg vidare til fastlegen