– Det er ein norsk verdi at me skal ha busetjing i heile landet

– Dagens sentralisering fører til ei auka konsentrasjon av makt på få hender. Det er veldig unorsk, seier Ada Arnstad, leiar i Senterungdommen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang. Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Ada Arnstad, leiar i Senterungdommen, svarar slik:

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Ja, klart det! Dei kjem frå historia vår og samtida vår. Verdifellesskapet er ikkje skrive i stein, men blir utvikla med oss. Til grunn ligg viktige menneskerettar, så følgjer verdiar som medmenneskelegheit, utjamning mellom folk, nøkternheit og sjølvstendig folkestyre.

– Eg stussar litt på dei som argumenterer som om historia vår som nasjon ikkje har noko å seia for verdiane me deler i dag. Til dømes som rolla til kristendomen eller dei gongane norsk sjølvstende har blitt utfordra. Eg er svensk og norsk, og kan sjå særleg skilnad på kor viktig verdien sjølvstende har i desse to landa.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Fordeling av makt og ressursar, altså utjamning mellom folk. Dagens sentralisering fører til ei auka konsentrasjon av makt på få hender. Det er veldig unorsk! Det er ein norsk verdi at me skal ha busetjing i heile landet og at folk får vera med å avgjera i lokalsamfunnet sitt. Dette er truga av tvangssamanslåingar og sentralisering.

– Det slår òg negativt ut på utjamning mellom folk. Det er då ein norsk verdi at uansett kva for ein sosial eller geografisk bakgrunn du har, så skal du ha gode høve i Noreg. Men når politi, sjukehus og beredskap blir flytta frå distrikta vil ikkje tryggheit lenger gjelda for alle. Det gjev oss eit nytt klasseskilje.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Balansen mellom einingane i samfunnet: einskildmennesket, familien, lokalsamfunnet og staten. Særleg kor grensa skal gå for kva for føringar staten kan leggja på dei tre førstnemnde. Det kjem til syne i saker som hijabforbod i barneskulen, jordvern og pappapermisjon. Kor langt kan staten gå i å avgjera kva folk kan og ikkje kan gjera? Kva rettferdiggjer det?

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– Det handlar om høvet til å vera forskjellig og sjølvstendig utan å leggja hinder på andre individ, i familien, lokalsamfunnet eller staten. Sjølv om me skal prøva å oppnå gode løysingar i fellesskap, er det viktig å hugsa at me ikkje er A4-menneske eller eit A4-land.

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Politikk og verdiar går hand i hand. Dei fleste politiske spørsmål handlar om verdiar og eg håpar inderleg at ungdom røystar med utgangspunkt i verdiar. Viss du ynskjer små skilnader, stor tillit og nærleik mellom folk i framtida i Noreg – då er Senterpartiet eit godt val! ​

Sjå kva dei andre leiarane i ungdomspartia svarar!