Eit skjebneval for heile landet

Lars Mostrøm Fjeldstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget er eit svar til Agnes Hoshovde Bernes i Hordaland Unge Venstre, som skreiv innlegget «Eit skjebneval for dyra».

Det er kjekt å sjå at Bernes i Unge Venstre har tatt realitetane innover seg og ser at målingane peikar mot regjeringsskifte til hausten. Venstre har på dei siste målingane hatt låg oppslutnad og ligg an til å hamne under sperregrensa i valet.

Mykje av årsaka til det er støtta Venstre har gjeve til «viktige reformar», som Bernes vel å kalla dei. Reformar som går imot folkeviljen og lokalkunnskapen som finst i landet. Reformar som er sentraliserande og byråkratiserande.

Lars Mostrøm Fjeldstad,
politisk nestleiar i Hordaland Senterungdom (Foto: Privat)

Tek tilbake makta

Bernes skriv at Senterpartiet går til val på «å lukka seg frå internasjonalt samarbeid og greie ut om oljeboring i sårbare havområde». Senterpartiet meiner at det er fullt mogleg å samarbeide godt internasjonalt utan å seie ifrå seg suverenitet og tryggleiken til eigne innbyggjarar.

Difor vil me erstatte den udemokratiske EØS-avtalen for å gje Stortinget og regjeringa tilbake makta over viktige område. Me vil gå ut av Schengen-samarbeidet for å få kontroll på eigne grenser, og verne innbyggjarane mot trugslar som kjem over grensa.

Senterpartiet har programfesta eit klart nei til både utgreiing og boring etter olje i Lofoten, Vesterålen og Senja, på Møreblokkene og andre stader viktige for fiskerinæringa, nært land, eller har stor risiko for ulukker.

Lukkelege bønder gjev lukkelege dyr

At Senterpartiet ikkje har politikk for dyrevelferd, er eit totalt bomskot frå Bernes. Senterpartiet er det partiet med den tydelegaste landbrukspolitikken. Me ynskjer å betra vilkåra til bøndene, og ein lukkeleg bonde fører til lukkelege dyr.

I blind tru på at alt som er stort er bra, har regjeringa og Venstre ført landbruket i industriell retning. Kvart dyr får mindre tid med bonden, og vert sett meir på som eit tal i rekneskapen, enn eit individ.

Denne industrialiseringa gjer norsk landbruk meir avhengig av kraftfôr og at dyra får mindre tid ute på beite, der dei naturleg høyrer til. Erfaringar frå utlandet viser at meir industrielt landbruk er prega av sjuke dyr og auka bruk av antibiotika.

– Pelsdyrnæringa er dyrevenleg

Norsk pelsdyrnæring produserer kvalitetsprodukt på ein berekraftig måte, og nyttar ressursar som utan næringa ville ført til eit stort avfallsproblem. Uavhengig av vår produksjon i Noreg, vil etterspurnaden etter pels vera den same.

Eg har sjølv vore på ein pelsfarm og sett tilhøva dyra lever under. Det er mogleg å produsere pels på ein dyrevenleg måte. Om Venstre verkeleg meiner det ikkje er mogleg, synest eg det er urovekkjande at dei ikkje kasta regjeringa som vil la pelsdyrnæringa halde fram.

Bernes skriv at pelsdyrnæringa set ville dyr i bur. Dette er ikkje tilfelle. Alle dyr i norsk pelsdyrnæring er avla fram for å vera pelsdyr. Dei er ikkje ville dyr og ville ikkje klart seg i naturen.

Prioriterer dei som bur der

Senterpartiet prioriterer dei næringsdrivande og fastbuande i område med rovdyr, og det er ikkje i trass med god dyrevelferd.

Det er betre for ein ulv å verta skoten av dyktige jegarar og fått ein kjapp og smertefri død, enn for ein sau som vert sliten ifrå kvarandre av ulv etter å ha vorte jaga til beina ikkje ber han lenger.

Dette valet er viktig for både folk og fe i heile landet. Skal me halde fram med regjeringa som sentraliserer og byråkratiserer, eller skal me gå for ei raudgrøn regjering med eit sterkt Senterparti som ynskjer å byggja samfunnet nedanfrå og opp?

Eg veit kva eg føretrekkjer.