«Buss for tog» kostar 100 millionar kroner

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne sommaren er 400 bussar frå Sør-Noreg til Nord-Trøndelag leigde inn for å erstatte togruter som er innstilte. Bakgrunnen er at Bane Nor vil ha stenging eller redusert togtrafikk for å vedlikehalde og fornye skjener, sporvekslar og anna utstyr. Kutta i togtilbodet har ein prislapp på 100 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv (DN).

– Ja, beløpet er i den storleiken, bekreftar pressesjef Åge-Christoffer Lundeby i NSB persontog, og presiserer at rekninga vil bli sendt til samferdselsdepartementet.

Tidlegare i år inngjekk NSB kontaktar med 53 busselskap om avvikskøyring når tog ikkje går. Årleg kostar dette 300 millionar kroner. Brorparten blir brukt rundt hovudstaden om sommaren.

– Vi og Bane Nor må sette oss ned for å evaluere denne sommaren nøye. Stengingane er no så lange at det plager togkundane, seier Lundeby.

Bane Nors prosjektleiar, Rune Olsen, meiner seks veker er nødvendig for å fullføre vedtekne fornyingar og investeringar. Om det skal gjerast over kortare periodar, vil arbeidet bli strekt over fleire år, påpeiker han overfor avisa.