På friarferd med nynorsk
Når Senterpartiet reiser rundt med valkampbussen sin, er det på både nynorsk og bokmål. – Gilde saker, svarer Noregs Mållag.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å ha nynorsk på bussen er heilt naturleg for oss, sidan me er opptekne av å styrkje nynorsk, ta vare på og vidareutvikle språket, seier Trygve Slagsvold Vedum.
– Valkamp er verdikamp, og me vil vise verdiane me står for. Tospråklegheita er ein styrke for Noreg, og ein del av kulturen vår, seier Senterparti-leiaren.
Vedum seier at han løftar fram tospråklegheita i mange av innlegga sine, og at han får positive tilbakemeldingar om det.
Håpar fleire følgjer etter
– Det er gilde saker. Me har to målformer, og ein buss har to sider, så alt ligg jo til rette for det, seier ein nøgd leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.
Aasbrenn håpar fleire parti følgjer etter og bruker meir nynorsk til dømes i reklamar, slagord og partinamn. Han vil sjå Høgre og Arbeidarpartiet, ikkje berre Høyre og Arbeiderpartiet.
– Det er bra at det står gode ting om nynorsk i partiprogramma, men det å bruke nynorsk i praksis viser at dei vil noko med det. At liv og lære heng saman. Minstekravet er at partiprogramma ligg føre på nynorsk, seier han.
https://www.facebook.com/geirsp/photos/a.939777872763722.1073741829.777012652373579/1557626874312149/?type=3&theater
Men det stoppar ikkje med nynorsk der. Aasmund Nordstoga har engasjert seg sterkt og er med i valkampen for partiet. Han skriv eitt stev om dagen om staden dei er på, og dei er sjølvsagt på nynorsk.

Aasmund Nordstoga har engasjert seg for Senterpartiet i valkampen. Foto: Marcel Leliënhof
– I går køyrde me gjennom Sogn og Fjordane, så då var det ikkje vanskeleg å finne inspirasjon. Då tenkte eg på Jølster og dei som friserer landskapet, fortel Nordstoga.
Han er veldig glad for at bussen har tekst på nynorsk.
– Det burde vere sjølvsagt og ikkje noko ein burde bli så glad for, men eg vart altså kjempeglad då eg såg bussen. Då meiner ein at ein vil ta i bruk heile Noreg på alle måtar, seier han.
Nordstoga avsluttar med eit slagord om at heile Noreg inkluderer byane.
– Me er glade i byane våre. Me vil berre ikkje bu der, seier han.