Drapstruga for å snakka svensk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bettina Sågbom er Finlands svar på Fredrik Skavlan. På måndag intervjua ho Skavlan på ein konferanse i regi av Foreningen Norden i Finland. Seint på kvelden same dag fortalde ho på Twitter at ho hadde fått drapstruslar på epost. I eposten skal det ha stått at blodet hennar skal strøyma til Sverige.

Etter dette har fleire finlandssvenskar fortalt om drapstruslar dei har fått for å bruka svensk og for å forsvara Finland som eit tospråkleg land. Redaksjonssjef ved Helsingin Sanomat Paula Salovaara og riksdagsrepresentanten Maarit Feldt-Ranta er blant dei som har fått truslar mot seg.

– Dei toler ikkje at me finst, dei toler ikkje at me snakkar svensk og framfor alt toler dei ikkje at me har nokre rettar. Eg synest ikkje lenger at det går an avfeia slikt med at det handlar om frustrerte unge menn, seier Sågbom til Hbl.fi. Truslane er no meldt til politiet.

Sjokkert statsminister
Onsdag samla over hundre demonstrantar i Helsingfors i eit spontant demonstrasjonstog mot truslane. Toppoppslaget i torsdagens utgåve av den største finske avisa Helsingin Sanomat er trykt på både svensk og finsk. Der går den finske statsministeren Jyrki Katainen ut for å forsvara finlandssvenskane. Han er sjokkert over truslane.

– Det er frykteleg at svenskspråklege finlendarar blir behandla sånt. Det handlar om ei krenking av dei grunnleggande rettane og det er uakseptabelt, seier han ifølgje Hbl.fi.

LES OGSÅ: – Sikrare sex med vår verbbøying

Støtte på Twitter
Etter at Bettina Sågbom fortalde om drapstruslane har det strøymd på med støtte til finlandssvenskane på Twitter.

– Med alla de här finska s***stövlar jag vill bli en svensk igen. Jag heter Saska Öfors, vad heter du? tvitra Helsingin Sanomat-journalisten Saska Saarikoski tysdag kveld.

QUIZ: Er du god på svensk og dansk?

Brennbart tema
Spørsmålet om obligatorisk svensk i den finske skulen er eit brennbart tema i Finland. Det populistiske og nasjonalistiske partiet Sannfinnane, som vann 19 prosent av stemmene ved valet for to år sidan, ønskjer å gjera svensk valfritt i den finske skulen.

Finskspråklege elevar byrjar i dag som regel med svensk i skulen frå sjuande klasse, medan finlandssvenske elevar byrjar med finsk frå tredjeklasse.

– Den hatske nettdiskusjonen påverkar også høvet til å sakleg debattera svenskundervisninga i dei finske skulane, konstaterer den finske statsministeren Jyrki Katainen, som sjølv er for at svenskundervisninga skal vera obligatorisk, ifølgje Hbl.fi.

I Finland er det òg krav til at offentleg tilsette skal kunne skriva på både svensk og finsk. Alle som kontaktar staten skal få svar på det språket dei tek kontakt på – liknande mållova me har i Noreg.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

– Verdifull språkbru
Generalsekretær for Foreningen Norden i Noreg, Espen Stedje, var til stades på konferansen i Finland og møtte Bettina Sågbom. Stedje synest det er trist at det skal koma drapstruslar på grunn av språket, men er glad for måten som det offisielle Finland har takla saka i etterkant.

– Det offisielle Finland er veldig klare på at Finland er eit tospråkleg land. Engasjementet som har vore på Twitter og i andre samanhengar viser òg at det har støtte blant fleire andre. Eg ser at fleire finnar har tatt til orde for å snakka svensk i ein heil dag for å visa sympati.

– Me synest det er veldig verdifullt at finnane har lært seg eit skandinavisk språk. Det gjer det mykje enklare å samhandla og ha kontakt med dei. Og på den andre sida – me kan bli meir nyfikne på det finske språket, seier Stedje.

Saka blei oppdatert klokka 10.18 torsdag.

Faktaboks

Svensk og finsk er likestilte språk i Finland, og begge språka eg obligatorisk i skulen – bortsett frå i Åland der finsk er valfritt.

Ved byrjinga av 2012 var det 5,4 prosent av finnane som var registrert som svenskspråklege. Flest finlandssvenskar finn me i Åland, Österbotten og Nyland. Sidan andre verdskrigen har talet på finlandssvenskar gått ned.

Les meir på Wikipedia!