Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av og til får eg ei «ut av meg sjølv»-kjensle, der eg kan sjå meg sjølv utanfrå, men på same tid vera merksam på at den eg ser, ser eg gjennom mine egne auger. Det er som om eg er to personar i ein og same kropp som samhandlar og kommuniserer med kvarandre. Og desse personane kjem ikkje alltid like godt overeins.

Nokon gonger kan eg høyre meg sei dei mest horrible ting til meg sjølv; «du kan jo ingenting,» eller «ingen likar deg».

– Ver din egen besteven, har mor mi, Unni, alltid sagt.

– Tenk gjennom kva du sjølv syntest er ein god ven, og bli den venen mot deg sjølv, rådar ho. Eg kunne aldri ha sagt til venene mine at dei ikkje duger. Kvifor er det så lett å seie det til seg sjølv?

Ifølgje psykolog Janne Schiøll er me sjølvkritiske fordi mennesket har ein ibuande forvitenskap, også på det ufullstendige.

– Det er typisk oss å tenke rundt feil og manglar. Det har blitt gjort forsøk der det blei lagt fram ei teikning av ein ufullstendig sirkel med ein penn ved sida av. Nesten alle testpersonane plukka opp pennen og fullførte sirkelen, fortel Schiøll. Sjølvkritikken er ibuande i oss, men av og til kan det bikke over til sjølvforakt. At det er eit stort fokus på prestasjon i samfunnet vårt, og at me har mykje tid tilgjengeleg til å vurdere oss sjølve hjelper ikkje på. Schiøll foreslår at viss du følar at du ikkje er bra nok, kan du late som du er din eigen advokat og finne bevis på kva det er som gjer at du ikkje strekkjer til.

Det kan vera vanskeleg å oppfylle krava dersom standarden er å vera mektigare enn Angela Merkel, sterkare enn Marit Bjørgen og vakrare enn Beyoncé.

LES OGSÅ: – God sjølvkjensle er viktig

Men då må du hugse på kva for nokon krav du sett. Det kan nemlig vera vanskeleg å oppfylle krava dersom standarden er å vera mektigare enn Angela Merkel, sterkare enn Marit Bjørgen og vakrare enn Beyoncé.

– Du må tenkje over kva for nokon verdiar og haldingar du syntest er viktig, for så å evaluera deg sjølv etter det. Viss ikkje kan det verke mot sin hensikt, seier Schiøll. For å finne ut kva du står for, foreslår Schiøll å tillate seg sjølv til å prøve ut forskjellige måtar å vera på og utforskje ulike ting og aktivitetar.

– Det er som når du skal velje antrekk for dagen. Ta på deg eit plagg og føl deg fram. Kjens det bra ut med den buksa på? Likar du deg sjølv i den genseren? Still deg undrande til deg sjølv, og tillat deg til å ikkje vite kven du er. Det er heilt lov å ikkje vite, seier Schiøll.

LES OGSÅ: – Vondt å vera ungdom på grunn av presset om å vere perfekt

Den britiske forfattaren Caitlin Moran fortel i podcasten Nerdette at ho har begynt å sjå på seg sjølv som ein hobby som ho stadig jobbar med å utvikle.

– Det har kome til eit punkt der eg vaknar om morgonen og tenkjer, «dette er fantastisk! Eg kan gjera kva eg vil! Eg kan vera kven eg vil!», nesten ropar ho. Moran meiner me ikkje er fødde sjølvforaktande, men at me ein gong i løpet av oppveksten begynn å sjå opp til andre og hate oss sjølve for å ikkje vere som dei.

– Kva er det du ikkje liker med deg sjølv, og kven vil du vera i staden? Ver den personen heller. Kva enn det er du liker, lat som du at er det og etter kvart blir du det, seier Moran. Ho foreslår å sjå på seg sjølv som sin eigen baby som treng omsorg, eller som si eiga mor som passer på babyen sin.

– Ei mor ville ikkje svelte barnet for å bli tynnast mogleg, eller sei at han eller ho er verdilaus, meiner Moran.

Sånn sett er det ein fordel at me både er oss sjølve og kan kontrollere oss sjølve. Men det er også ein fare her. Det kan fort bli som den kapitalistiske tankegangen som tilseier at det er din eigen feil dersom du er fattig. Viss du ikkje får til noko er det fordi du ikkje har prøvd hardt nok – eller for å sitere den kjende sjølvhjelpsboka «The Secret», det er fordi du ikkje har lyst nok til det. Med den haldinga blir mennesket som ein leirklump som du aleine har ansvar for å forme, og mislykkast du er du den einaste som har skuld i det.

– Å elske seg sjølv er ikkje ei kjensle du har ansvar for å produsere på eiga hand.

Teolog og prest Johne Stødle meiner me treng også andre sitt blikk for å kunne elske oss sjølve.

– Det å elske seg sjølv er ikkje ei kjensle du har ansvar for å produsere på eiga hand. Det er det sårbare ved kjærleiken, seier Stødle.

Men det er jo ikkje til å unngå å gjere feil. For å prøve seg fram til favorittbuksa eller yndlingsblusen, ligg det i korta at du på eit tidspunkt vil tabbe deg ut. Stødle syntest me ikkje må ver for oppteken av å trå feil, men heller søke tilgiving.

– Eg trur det er då me menneskjer kan få erfare at me verkeleg treng kvarandre, og kan bygge genuine fellesskap. For kva hjelper det å gjera alt riktig viss ein ikkje blir eit elskande menneskje, spør han.

Elsk din neste som deg sjølv, står det i Bibelen. Kanskje me også skal begynne å elske oss sjølve som vår neste?

FÅ OGSÅ MED DEG: “Selfies” kan vera skadeleg