Kunstnar og tiktokar Kristine Øvergaard (26) står støtt i å skille seg ut. Ei evne ho har fått ved å stadig bli brote ned opp gjennom livet.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Om du er på Tiktok er det nærast ikkje til å unngå å få opp videoane hennar. Anten det er videoen der ho humoristisk fortel historia om då ho blei teke for å vere mora til ei venninne på hospitering. Eller videoen av at ho kinnar smør i eit Noregs-glas.

Mest sannsynleg er det videoen frå i vinter der leilegheita hennar var så kald at ho måtte kle på seg ullskjørt, ullgenser, ullsokkar og skaut for å halde varmen, og med det starta trenden pestacore.

No har Kristine Øvergaard over 20 000 følgjarar og nesten ein halv million likarklikk på kontoen sin @kjotthagle. På den første pestacore-videoen har ho over 400 000 sjåarar. Og dei som følgjer, liker og ser på videoane hennar er i stor grad positive og takksame for henne og det ho deler.

Men for berre nokre månadar sidan var klientellet eit heilt anna.

«Gå og død»

For omtrent eitt år sidan byrja Kristine å poste Tiktok-videoar utan noko særleg mål og meining.

@kjotthagle ULL ER GULL SOM KIDSA SIER #fyp #pestacore #norge #norsktiktok ♬ Fanitullen – Bukkene Bruse

Pestacore er inspirert av Theodor Kittelsen sin pesta-figur.

I ein av dei første videoane ho la ut viste Kristine fram ein genser ho tykte var stygg og spurte sjåarane om dei òg var einige. Då fekk ho høyre «Det er ikkje den som stygg, det er deg».

– Det var som at folk ikkje forstod heilt kva dei såg på, seier Kristine med eit mysande blikk.

Ho sit på senga i studenthybelen sin i Oslo. I dag er pestacore-outfitten bytt ut med lettare klede som vitnar om at sommaren er i anmarsj – svarte nylonstrømpebukser, eit svart, kort skjørt og ein svart, tynn genser. Leppene er raude og fortset å forme orda som skildrar hennar initielle møte med TikTok.

Det var stort sett menn, unge som eldre, som la igjen hatefulle kommentarar om utsjånaden hennar. Dei byrja òg å diskutere om ho var mann eller kvinne.

– Sjåarane var ikkje komfortable med at det går an å vere litt annleis, trur Kristine og legg til at ho alltid har vore relativt androgyn, men ikkje er trans slik det blei antyda.

Tilbakemeldingane på Tiktok har ikkje berre vore slemme og usaklege, men òg direkte alvorlege. Folk fann mellom anna den korte luggen ho hadde i fjor sommar som grunn nok til at ho burde døy.

– Dei er jo alltid fulle av skrivefeil desse drapstruslane, så det er jo veldig lættis. I den eine meldinga stod det «gå og død», ler Kristine

Men hadde ho vorte utsett for denne hetsen tidlegare i livet, ville ho truleg fått ein mykje større knekk enn det ho faktisk fekk. Ho hadde ikkje klart å handtere hatarane ved å svare dei med humoristiske, harselerande videoar slik ho gjorde nå.

– Eg er heldigvis veldig komfortabel i meg sjølv og med min utsjånad. Eg er ikkje usikker. Men det var eg før – ganske mykje faktisk.

– Alltid vore noko å pirke på

Frå tidleg i oppveksten har Kristine fått kommentarar på korleis ho ser ut. Ho hugsar spesielt godt at ho blei mobba for hendene sine på barneskulen på Nordstrand i Oslo.

– Eg har så lange fingre og slik. Det har alltid vore noko med meg å pirke på, fortel Kristine, mens ho ser på hendene sine og stryk fingrane sakte mot kvarandre.

Allereie som baby merka foreldra at det var noko spesielt med Kristine. Ho var lang og tynn, men dei skjønte ikkje heilt kva det var. Det skulle gå to år før Kristine blei diagnostisert med den genetiske bindevevstilstanden Marfans syndrom. Symptoma på tilstanden viser seg ved at bindevev i kroppen er skjørare enn normalt – det kan mellom anna gjelde bindevev i skjelett, auge og hovudpulsåra i brystkassen.

Diagnosen førte derfor til at ulike tilpassingar og omsyn måtte gjerast for Kristine. Ho måtte mellom anna ha ein spesiell stol i klasserommet for å støtte ryggen og halde han strak, noko som også blei ei kjelde til mobbing.

Kristine skilte seg ikkje ut frå medelevane berre gjennom utsjånad, men òg gjennom verdiar.

Kristine Øvergaard som liten. | Foto: Privat

– Det å ha uggs og fin jakke var aldri ein prioritet for meg, slik som det var for fleirtalet på Nordstrand. Med det blei eg ein raring.

Trass mobbinga på skulen, hadde Kristine det relativt fint gjennom barneskulen. På heimebane hadde ho det ho skildrar som verdas beste foreldre. Og då bindevevstilstanden hindra henne frå å drive med fysiske fritidsaktivitetar som følgje av at kroppen hennar helst ikkje bør utsettast for for mykje ytre påkjenning, opna moglegheita seg for å bruke all tid på sine største lidenskapar.

Ifølgje mora Vivi Øvergaard har Kristine eit naturtalent når det gjeld teikning og skulebøkene hennar var fulle av små kunstverk. Ho kunne òg sitje timevis i senga si med store leksikon og lese seg nedover sidene for å lære og vite alt ho kunne. Dette vitebegjæret resulterte i ein fascinasjon for historie og uoppklarde hendingar. Med det oppstod draumen om å bli arkeolog allereie som sjuåring.

Men då Kristine gjekk på ungdomsskulen var det andre ting som skulle ta fokus.

Redd for å døy

I pubertetsalderen blei Kristine meir sjølvmedviten og tok til seg dei negative kommentarane ho fekk slengt etter seg på skulen. Sjølvbildet hennar var heilt nedbrote.

I tillegg forstod Kristine i aukande grad omfanget av den fysiske tilstanden sin, i etterkant av at ei av lungene hennar kollapsa. Dette resulterte i ein veksande angst – angst for å døy.

– Det er tøft å som forelder å seie at «du skal ikkje døy i dag». Men kva garanti hadde eg for det, undrar mora, som til slutt valde å kontakte Ullevål så dei kunne få undersøkt henne og trygge henne.

Der fekk dei beskjed om at Kristine hadde behov for ein hjarteoperasjon som følgje av utviding av hovudpulsåra ut frå hjartet. I detalj blei Kristine som 14-åring fortalt av ein kirurg kva sag han skulle bruke for å skjere brystbeinet hennar i to.

– Då gjekk alt i svart. Eg trekte meg unna alt på skulen for eg grua meg så til operasjonen. Eg slutta å ete og blei eit «mess».

Samtidig gjorde den reduserte tilstanden henne til eit svakare bytte for dei mobbande jamaldringane. Likevel sa ho ingenting om kva som skulle skje. Men då Kristine plutseleg forsvann frå skulebenken og var ferdig med det som blei ein svært vellukka operasjon, rann det inn med støtteerklæringar frå klassa.

Då viste det seg at eine læraren hadde irettesett medelevane for oppførselen deira og forklart kvifor Kristine var borte. Dei etterfølgjande og siste månadane av ungdomsskulen var det ingen som var slemme. Det kjendest godt – og feil.

– Ein skal ikkje trenge å vite at det er noko alvorleg gale for å ikkje å vere eit rasshøl, seier Kristine med heva augebryn og fortel om eit håp om ein ny kvardag då ho skulle begynne på vidaregåande.

Med lårkjøt i ryggen

– Eg hugsar eg sat på trikken ned for fyrste skuledag på kunstlina eg skulle ta på vidaregåande og tenkte at «det hadde vore kult å kanskje få ein venn eller to».

Og ein venn eller to var det minste Kristine skulle få. No fekk ho starta med blanke ark omgjeve av likesinna. Ho gjekk frå å vere veldig inneslutta til å ha ein stor vennegjeng på vidaregåande.

– Eg fekk meg til og med ein bestevenn eg var kjempeglad i. Alt det redda psyken min, trur Kristine, før ho legg seg tilbake på senga og forklarer at ho må kvile seg litt då ho har titan i ryggen som gneg på ei nerve.

 

For mens Kristines sosiale liv stabiliserte seg gjennom vidaregåande og påfølgjande kunstutdanningar, fortsette helsetilstanden å bli rista i med ujamne mellomrom. På vidaregåande kollapsa ei av lungene til Kristine igjen, då ho hoppa ned frå ein stein på skuletur. I 2021 kom det største jordskjelvet av dei alle. Då blei det oppdaga ein cyste på størrelse med ein handball på ryggrada hennar.

– Cysten var full av spinalvæske – den same juicen som hjernen ligg og surklar i, flirer Kristine før ho forklarer at nettopp dette gjorde inngrepet risikofylt.

Det var lenge usikkert om ho kunne bli lam eller i verste fall miste livet.

– Eg hugsar eg låg på Rikshospitalet då eg skjønte kor alvorleg dette var og at det ikkje var sikkert at eg nokon gong ville kome heim. Då låg eg og angra på tre ting.

For det første at ho ikkje i større grad hadde nytt dei små tinga i livet som å sitte og drikke kaffe med foreldra på balkongen. Det andre var at ho ikkje hadde studert arkeologi. Det tredje var at ho ikkje hadde turt å ta meir plass.

Etter mykje redsle både frå foreldra og Kristine, kom ho seg ut på den andre sida. Rett nok med kjøt frå låret pakka inn i eit titanbur i ryggen, som ein del av løysinga på den mogleg fatale problemstillinga. Det er titanburet som no gneg i ryggen hennar om ho sit for lenge.

– Det er ein liten pris å betale for å vere i live.

Og etter ein ny hjarteoperasjon det påfølgjande året, låg alt til rette for at ho endeleg skulle kunne ta fatt på det ho så sårt angra på.

Hausten 2023 tok Kristine for alvor fatt på vegen mot at barnedraumen skulle bli røyndom – ho starta på arkeologistudiet ved Universitet i Oslo.

Få ord og fri tolking

Kristine bruker kunsten som ei forlenging av seg sjølv. Gjennom penselstrøk, blyantstrek og fargestiftar tolkar ho det ho føler og det ho ser.

– Kunsten er mitt språk, forsøker ho å forklare.

Men Kristine tykkjer det er vanskeleg å bruke ord til å skildre kunst. Ho blar gjennom ei mappe med ulike teikningar ho har laga. Det er mjuke strekar. Mykje fargar. Formar som minner om kroppsdelar. Innvollar. Dyr, kanskje.

– Når det gjeld min eigen kunst ønskjer eg ikkje å fortelje det i hel. Eg vil ikkje undervurdere dei som ser på det.

På Tiktok er det mange som får sjå og vurdere kunsten. Med stor begeistring. Men det er berre éin av tinga Kristine no får positiv respons på.

– Det er lov å vere ein liten raring

Det er gjennom Tiktok-kontoen Kristine har teke tak i angeren ho følte i 2021 over å ikkje ta meir plass. Det var denne openberringa som gav henne mykje av sjølvtilliten til å trasse hatarane og vise kven ho er fullt ut og ærleg.

– Eg har fått tilbakemeldingar om at menneske som følgjer med på meg føler ein tryggleik og aksept ved å sjå at det er fleire der ute som ikkje er heilt som alle andre. Å sjå at det er lov å vere litt «off» og ein liten raring, smiler Kristine som no har sett seg opp i senga igjen, og legg til:

– Eg er veldig fornøgd med den eg er. Det synest eg også at fleire kan vere, for det er veldig mykje fine folk der ute som ikkje trur at dei er det. Og det gjer meg trist.

At Tiktok-kontoen hennar har hatt ein positiv innverknad på folk, har ikkje vore kalkulert, men er veldig stas. Det handlar heller om at ho no har bygd opp ein sjølvtillit til å legge ut akkurat det ho tenker og gjer i kvardagen.

– Eg synest det er keisamt når alt skal vere så overflatisk. Vi er trass alt berre folk. Eg har berre sagt «fuck it» inni hovudet mitt, forklarar Kristine som kan legge ut videoar om alt frå korleis ho hadde det som nyleg hjarteoperert 17. mai for to år sidan, til det å blø gjennom på ein nyttårsfest.

Trass i at Tiktok er ein viktig del av livet hennar, at ho ønskjer å jobbe med helleristingar i framtida og at ho har eit håp om å stille ut og selje kunsten sin, er ikkje det store målet i livet til Kristine relatert til noko av dette. Det einaste ho vil er å vere tilfreds og ha det bra.

Her og nå

Akkurat no har Kristine det veldig bra, trass i at det rett nok er periodar der ho er nedfor og skulle ønskje ho hadde ein kropp som får til alt hovudet vil.

– Til tider er eg blir veldig lei meg, men så går det betre igjen. Eg trur ikkje at den sorga kjem til å gå over. Det er berre å leve med det og ikkje vere redd for å kjenne at ein har det litt drit.

Alle inngrepa og operasjonane Kristine har gått gjennom som følgje av tilstanden sin, har ført med seg ei kjensle av at ho ikkje kan stole heilt på sin eigen kropp. Samtidig har det å stadig bli brote ned for så og bygge seg opp igjen påverka livet hennar i positiv forstand. Det har gjort at ho no ser på livet sitt med stor takksemd. Det har påverka hennar kunstnariske uttrykk. Det har fått ho til å innsjå kva studieretning ho verkeleg ville satse på. Det har fått henne til å stå stødig i stormar i sosiale medium.

– Kroppen min er det verste eg har, men samtidig det finaste eg eig, seier Kristine med eit vagt smil og lar blikket gli rundt i hybelen der veggane er pryda med sjølvlaga teikningar og måleri, og bokhylla er fylt med arkeologibøker.

– Eg har det godt. Eg har alt eg kan ønskje meg.