Korleis sjølvbiletet ditt er som ung har mykje å seia for den psykiske helsa deira seinare i livet, viser ny forsking.

(NPK):
(NPK):

– God sjølvkjensle vernar mot depresjon, god sjølvkjensle gjer at ein i større grad tør å gje seg i kast med utfordringar i livet, satsa på utdanning og karriere. Medan låg sjølvkjensle verkar motsett; at ein helst unngår oppgåver som ein elles kunne ha løyst, seier professor Tilmann von Soest ved Psykologisk institutt på Universitetet i Oslo til forskingsmagasinet Apollon.

Han har leidd eit omfattande forskingsprosjekt som har gått føre seg i 13 år om korleis sjølvkjensla utviklar seg gjennom ungdomstida og inn i vaksen alder. Over 2.500 ungdommar har vore med i studien. Forskarane har følgt ungdommane frå dei gjekk på ungdomsskulen og vidaregåande skule til dei hadde fylt 31 år.

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

Studien viser at det å vera nøgd med eigen utsjånad er det som betyr aller mest for sjølvkjensla hos ungdommane. Men etter kvart blir sosial kompetanse viktigare. Dette er også viktig for å utvikla eit godt forhold når ungdomane seinare får seg kjærast og etter kvart stiftar familie. Undersøkinga viser også at dei som hadde eit godt forhold til foreldra sine i ungdomstida hadde høgare sjølvkjensle enn dei som ikkje hadde det.

Den gode sjølvkjensla viser seg å vera ei god ballast til å takla seinare utfordringar. Motsett viser undersøkinga at ungdom som hadde lågt sjølvbilete som unge hadde større risiko for å slita med angst og depresjon som vaksne. Forskarane meiner difor det er viktig med tiltak som kan styrkja sjølvkjensla hos dei unge. (©NPK)

LES OGSÅ: Martha får massiv støtte etter å ha laga film om magen sin

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE