Artisten måtte bli vaksen fort og kjente seg ikkje att i sitt eige liv som 20-åring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det kan vera litt einsamt å bli mor når du er 20. For dei fleste av venene mine vart jo ikkje mamma. Dei har jo sine liv, og så har eg mitt liv. Så ja, forklarar Michelle Ullestad.

Ho sit i ein gammal godstol i ein lavvoo som fungerer som backstage på Vinjerock i Eidsbugarden.

29-åringen frå Bergen har gjort suksess med personlege låtar, der fleire handlar om tida rundt 2015. Året ho var 20 år gamal.

Team Ullestad

Det er 2014 og Ullestad hadde berre kjent barnefaren i éin og éin halv månad då ho fann ut at ho venta barn, noko som slett ikkje var planlagt.

– Me var ikkje kjærastar, og så måtte me plutseleg få oss eit hus og ein bil og ein katt. Plutseleg hadde eg alle tinga og det gjekk ganske fort, så eg hadde det ganske vanskeleg den perioden eigentleg.

Framtida.no møter ho på Vinjerock, der ho har ein av sommarens festivalkonsertar saman med Team Ullestad. Draktene heng klare med namn på kvar enkelt medlem.

Michelle Ullestad hadde ein annan hårfarge og litt meir sminke som 20-åring. Ho hadde òg veldig mykje som føregjekk inni seg. | Foto: Privat

20 år og gravid

Då ho var 20 år gamal var ho på ein ganske annan stad i livet enn ho er no. Ho hugsar godt sjølve bursdagsfeiringa 1. november 2014.

– Då var eg gravid. Eg hadde gledd meg lenge til 20-årsdagen min. Eg skulle eigentleg ha stor fest og drikka meg full med alle venene mine, men det kunne eg jo ikkje gjera for eg var jo gravid.

Difor sa Michelle til kjærasten sin at ho ikkje gadd å feira, men han tok saka i eigne hender og arrangerte overraskingsfest der venene ropte idet ho kom inn døra.

– Det var veldig koseleg, minnest ho.

Flott fødsel

Rundt tre månadar seinare kom vesle Lilje til verda.

Akkurat fødselen er utan tvil det sterkaste minnet frå året som 20-åring. Då riene kom hadde Michelle gjort mykje research. Ho var medlem i Facebook-grupper om tilknyting til barnet og hadde fødebagen klar. Dei sette seg i bilen og køyrde til Voss, fordi Michelle ville føda der framfor i Bergen.

Barnefar fekk sova på same rom, og både under og etter fødsel følte ho seg godt vareteken.

– Eg fekk til dømes vera der i fem dagar etter eg hadde fødd og berre landa litt. Få hjelp med amming. Dei måtte til slutt seia sånn: No må du gå heim, minnest ho.

Som 20-åring styrte Michelle Ullestad absolutt mest med det å vera mamma for fyrste gong, og fekk ein fødselsdepresjon oppi det heile. Det vart så alvorleg at ho vart lagt inn på Bjørkly psykiatriske sjukehus på Voss.

– Då byrja eg å skriva. Så det var eigentleg veldig bra for meg å vera der, av fleire grunnar. Så det eg styrte med då eg var tyve var å venna meg til tilværet med å vera mamma. Å ikkje ha det bra, og finna ut: Kven er eg? Kva vil eg? Korleis får eg det til? smiler Ullestad.

Mørke tankar

Kva tenkte du om livet og framtida? 

– Eg hadde jo lyst å døy då. Så det var ikkje så gode tankar.

Ullestad hugsar veldig godt kjensla av å føla at ho levde nokon andre sitt liv. At det var ikkje hennar eige liv ho levde, men eit ho sat og såg på utanfrå.

– Eg hugsar ein spesifikk gong me sat og åt frukost. Eg og Lilja, mi dotter, og kjærasten min, pappaen hennar. Så hugsar eg at eg stod bortanfor bordet og såg på oss alle tre ete mat, så var eg slik: Hallo! Dette er ikkje ditt liv.

Den viktigaste personen i livet hennar den gongen var hennar dåverande kjæraste, og far til Lilje. Han tok over når Michelle var sliten og lét ho finne ut av ting i sitt eige tempo.

– Kanskje han bidrog meir økonomisk enn eg gjorde, fordi eg var sjukemeld lenge. Han var nok den viktigaste, og så Lilje då, som er mi leiestjerne i alt i livet og framleis er den viktigaste personen i livet mitt, smiler Ullestad.

Vinjerock: 2024

Dottera har fått vera med for å sjå kveldens konsert, og skal både få det ærefulle oppdraget med å dela ut merch og gjesta scena.

– Sjølv om det er litt seint då. Me håpar det går bra, kommenterer mor.

Korleis var du som 20-åring? 

Eg var veldig lik den eg er no, men òg heilt annleis. Eg hadde ikkje funne heilt ut kven eg var og eg hadde mykje usikkerheiter, i tillegg til at eg hadde blitt mamma. Så eg var veldig forvirra, trur eg.

På den andre sida skildrar ho seg som jovial, glad, omsorgsfull, tullete, morosam, impulsiv og uhøgtidleg.

Frå falske til ekte negler

– Eg var på mange måtar lik i eigenskapane mine, men sminka meg kanskje meir. Eg hadde falske negler, og det er ikkje noko gale i det. Det er kjekt å uttrykkja seg, men det var ikkje heilt meg, seier Michelle, og viser fram neglestubbane med avflassa naglelakk.

– For eg har jo veldig dårleg tolmod. Eg har ikkje tid til å sitja i ein naglesalong i to til tre timar. Det gidd eg aldri igjen. Trur eg då.

– Eg hadde det jo vondt òg. Eg veit ikkje heilt kven eg var. Eg var den eg er, men berre yngre.

Den første songen Michelle Ullestad følte var god nok til å framføra for andre, var songen Uro, som spring ut av hennar eigne erfaringar med å leva med ADHD.

Den står ikkje på setlista i dag, men er ein av låtane Ullestad får mest tilbakemeldingar på.

Musikk og terapi

Det å skriva songar var noko av det som hjelpte, saman med terapien.

– Det var liksom to år med det. Det var ikkje med ein gong at eg var sånn: Eg skal bli popstjerne. Eg måtte skriva masse låtar, og skriva nokre gode og nokre dårlege før eg kjente at dette har eg lyst å visa til nokon og eg var sånn «eg trur det er dette eg vil gjera».

Å spela musikk vart ho kjent med då ho som 13-åring flytta inn på ein institusjon for barn og unge på Voss. Kvar tysdag var det musikkverkstad på garasjeloftet med Oddvar, der dei spelte coverlåtar.

– Det var veldig kjekt. Og så syntest eg det var veldig kjekt å høyra på musikk kjempehøgt i bilen og på rommet mitt. Men eg hadde ikkje drive med musikk, anna enn å synga og spela andre sine songar. Men eg har alltid elska musikk og det har vore veldig viktig for meg i livet mitt å ha musikk som eit utløp. Så eg har jo vore avhengig av det for å overleva, konstaterer ho.

Akkurat kva musikk ho høyrde mest på som 20-åring er ho ikkje heilt sikker på, men tidlegare har Ullestad vore veldig glad i Taylor Swift, som er ein særs tekstdriven artist. Som artist har ho òg funne inspirasjon i Aurora sin måte å uttrykkja seg sjølv på. Ein annan artist som har vore viktig for Ullestad er Gabrielle, ei kvinne frå Bergen som har «spent opp masse dører» med å syngja om sitt eige liv på bergensk.

– Eg hadde ikkje noko mål eller meining i starten. Eg ville berre skriva for å få ut alle kjenslene mine. Det var nesten så eg var i tåka i fleire år. Men eg håpte jo på gode ting. At ting kunne bli lettare enn det det var. Og det vart det jo.

Draumen om lerretet

Var det ein draum ho bar på gjennom oppveksten, så var det å opptre på det store lerretet.

– Eg drøymde om å bli skodespelar i Hollywood utan å jobba for det. Eg trur det skal veldig mykje til altså, å bli skodespelar utan å jobba for det, men ein veit aldri.

– Hugsar du kva som skjedde i verda det året du var 20 år?

– Nei, eg har aldri klart å følgja med på kva som skjer i verda, svarar 29-åringen.

Likevel har ho ei kjensle av at verda stadig brenn, og er litt irritert over at Taylor Swift ikkje brukar stemma si til å seia noko om det. Slik ho ymta frampå at ho ville i Netflix-dokumentaren Miss Americana.

Delar lett

Å ta personlege tekstar ut til folk er ikkje noko som Michelle Ullestad tenkjer over.

– Det å dela har alltid vore veldig lett for meg. Det kostar meg ingenting. Det er ikkje noko stress. Det er berre slik eg er.

Michelle Ullestad trur at hennar erfaringar kan ha gjort ho meir moden og vis i ung alder, men er ikkje heilt sikker.

– Det har ikkje så mykje å seia eigentleg. Folk er jo på si eiga reise og dei har kanskje ikkje opplevd akkurat desse tinga, men dei har jo opplevd andre ting, understrekar ho.

Stol på deg sjølv

Sjølv har ho opplevd ting frå ho var barn som ingen skulle oppleva, men meiner at det har bidrege til den ho er.

– Eg har vore gjennom ganske mykje og det trur eg er veldig bra, for då har eg veldig mykje empati, veldig mykje forståing og eg er veldig open og dømmer ikkje menneske så lett.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Eg har ikkje så mange råd, for eg måtte jo gjennom alle dei tinga eg skulle gjennom. Men kanskje eg skulle sagt: Stol på deg sjølv. Eller: Eg heiar på deg. Me finn ut av dette her.