Politiske parti stengjer folk ute på nettet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplysningane kjem fram i ei måling Direktoratet for forvaltning og IKT har gjort. Målet med undersøkinga var å finna ut om alle har like moglegheiter til å finna informasjon på nettsidene til dei politiske partia på Stortinget.

– Alle dei politiske partia brukar nettet aktivt for å nå ut med plattforma si, og difor er vi skuffa over at partia ikkje tek universell utforming på alvor, seier tilsynsleiar Malin Rygg i eit oppslag på nettsidene til direktoratet.

Ho minner om at det er stortingsval til hausten og at det er viktig at alle, uansett alder, funksjonsevne og utdanningsnivå, har like sjansar til å henta informasjon om viktige politiske standpunkt hos partia.

Difi peikar på at opp mot 20 prosent eller ein million nordmenn er avhengige av at nettsidene er universelt forma ut for ikkje å bli stengt ute. Dette gjeld mellom anna eldre, veljarar med dysleksi eller norsk som andrespråk, veljarar med nedsett syn eller høyrsel.

Kor flinke partia er til å leggja til rette nettsidene for slike grupper, varierer mykje frå parti til parti. Arbeidarpartiet er det partiet som kjem best ut. 81 prosent av testresultata var her i samsvar med krava i forskrifta.

Kristeleg Folkeparti er det partiet som kjem dårlegast ut med 38 prosent. Deretter følgjer Framstegspartiet med 52 prosent og Miljøpartiet Dei Grøne med 57 prosent.