Ti appar utgjer 60 prosent av all trafikken, ifølgje Telenor.

NPK-NTB
NPK-NTB

Facebook og YouTube står for til saman 27 prosent av totaltrafikken på mobilnettet til Telenor, opplyser selskapet. Målinga vart gjort i byrjinga av mars og viser kva slags tenester og appar som er mest populære i Noreg.

– Den enorme mengda mobildata som passerer gjennom Telenor Norges mobile kjernenett, er eit godt instrument til å sjå kva slags tenester kundane er opptatt av til kvar tid, seier teknologidirektør Magnus Zetterberg i Telenor Norge.

– Video og bilete er det mest datakrevande, og begge dei to tenestene er populære i alle aldersgrupper i Noreg, seier Bjørn Ivar Moen, leiar for mobil i Telenor Noreg i ei pressemelding.

Etter Facebook og Youtube følgjer Instagram, Snapchat, Netflix, Google og Spotify på lista over tenestene som trekk mest data.

Les også debattinnlegga:

«Med alle appane blir eg fort forvandla til en usosial, åttearma blekksprut»

«Slik kan framtidas ungdom bli mindre avhengige av mobilen»

Oppdatert: tysdag 7. november 2017 13.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE