Dårlege nynorsktal på nett: – Kringkastingsringen reagerer

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK oppfyller heller ikkje i år kravet om at 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Kringkastingsringen ventar handlekraft.

– Særskild opprivande er det å sjå den låge delen på nett. Trass berre 18 prosent nynorsk på nett i 2015 klarer ikkje NRK å få talet opp. I staden går nynorskdelen ned til 17 prosent. Med det er NRK milelangt unna å oppfylle det lovpålagde kravet, seier styreleiaren i Kringkastingsringen, Guro Kvalnes, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Held fast på språkkrava i NRK

NRK hadde i 2016 eit snitt på 24,5 prosent nynorsk på fjernsyn, 23,3 prosent i radio og 17 prosent på nett. På alle plattformene har nynorskdelen gått ned samanlikna med året før.

Kvalnes meiner den låge nynorskdelen, særleg på nett, er urovekkjande. Ho seier det må konkrete tiltaksplanar til for å auke nynorskbruken.

Tidlegare i vår blei handlingsplanen for nynorsk i NRK lagt fram. Kartlegging av språkkompetansen i redaksjonane er eitt av tiltaka.

– Vonleg vil handlingsplanen få nynorskdelen på nettet opp på same nivå som på tv- og radiostasjonane, seier Kvalnes.

FÅ OGSÅ MED DEG: Vert hetsa fordi ho brukar nynorsk i NRK