Journalist Stine Hommedal frå Vossestrand vert hetsa fordi ho brukar nynorsk og dialekt i jobben i NRK Troms og Finnmark.

Brynhild Steine, Avisa Hordaland
Brynhild Steine, Avisa Hordaland

Hommedal har jobba på regionkontoret i Tromsø sidan 2012. Ikkje alle har takla det like godt at ho brukar nynorsk som hovudmål på sakene ho skriv.

– Då eg kom opp hit byrja eg å lesa nyhende på radio. Då kom det momentant reaksjonar frå folk, seier Hommedal. Då ho byrja på TV kom det blanda reaksjonar og no er det blåst liv i debatten att etter at Hommedal byrja å skriva nettsaker.

– Kvar plattform eg leverer til fører til reaksjonar, så det kom ikkje som noko stor overrasking at eg fekk reaksjonar også no, seier Hommedal.

– Nokre er svært direkte og eg har faktisk fått høyra at dette ikkje er mitt heimland.

Hommedal har fått beskjed både på epost og på sosiale media at ho kan dra seg sørover, og at det er direkte ekkelt å høyra henne på tv eller radio. Sakene hennar er også delte på Facebook med kommentarar om at det er kvalmande å sjå nynorskbruk i Nord-Noreg.

LES OGSÅ: Låg nynorskbruk på NRK.no 

Støtte
Onsdag gjekk nyhendesjef, Nina Einem, ut på facebooksida til NRK Troms og Finnmark, der ho gav si støtte til Hommedal.

– Tidlegare når reaksjonane har kome har me svart kvar enkelt på dei spørsmåla som er komne, og svart på epost, men når debatten endå ein gong er komen opp, tenkte eg det var best å leggja ut ei melding på facebook, seier Einem.

Nyhendesjefen oppmodar folk til å slutta å skriva støytande innlegg til journalisten.

– Det gjer meg verkeleg varm om hjarta at det har kome så mange støttande reaksjonar på innlegget på facebook, seier Einem.

Som allmennkringkastar er ei av oppgåvene til NRK å bruka alle målformer i Noreg. Likevel er det få som brukar nynorsk i NRK Troms og Finnmark sin redaksjon.

– Nynorsk er sjeldan her i Nord- Noreg, noko som kan virka litt underleg sidan det ligg svært nær dialekten vår, iallfall her i Troms, seier Einem.

Også Hommedal synes det er fantastisk at ho har fått så god støtte etter at oppmodinga frå nyhendesjefen vart publisert.

– Eg trudde ikkje at eg skulle få så mange positive reaksjonar, seier Hommedal.

LES OGSÅ: Heidra for nynorsk i fjernsynet 

Aldri opplevd slikt
Hommedal er fyrste nynorskbrukaren i NRK Troms og Finmark på lenge. I byrjinga vart ho sett ut av kommentarane.

– Det var jo veldig overraskande i byrjinga. Det er ikkje noko kompliment at det er ei liding å høyra på meg, men støtta eg får frå sjefen min og kollegaer gjer at eg ikkje tek meg så nær av det lenger, seier Hommedal.

Ho har jobba fem år i NRK, både i Oslo, Bergen og Trondheim. Ho har aldri opplevd kritikk på bakgrunn av målform og dialekt før ho kom til Nord-Noreg.

– Det er interessant at nynorsken skapar så sterke kjensler hjå folk, seier Hommedal.

– Me driv ikkje med aktiv nynorskrekruttering her i Nord-Noreg, men tilset folk som er flinke, uavhengig av kva målform dei brukar. Brukar dei nynorsk så er det sjølvsagt at dei skal få bruka det, seier Einem.

– Og det er flott å sjå alle dei gode tilbakemeldingane som er komne dei siste dagane og godt å sjå at mesteparten av landsdelen omfamnar henne, seier Einem.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE