Foreslår nikab-forbod i skulen
Både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet kom med forslag om å forby heildekkjande klesplagg på skular og universitet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spørsmålet om burka og nikab kom opp igjen i samband med trontaledebatten i Stortinget tysdag. Arbeidarpartiet opna med å leggje fram eit representantforlag om å forby heildekkjande klesplagg på skular, høgskular og universitet.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre understreka i sitt innlegg at partiet generelt sett er mot å forby klesplagg, men meiner det nødvendig å unngå å dekkje ansiktet i undervisningssituasjonar.
– Vi foreslår at ein kjem fram til eit hensiktsmessig regelverk som er likt i heile landet, sa Støre, og la til at han håpar Frp finn grunn til å støtte forslaget.
Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik kunne snart levere eit liknande forslag frå Framstegspartiet. Han påpeikte at partiet helst skulle sett at det blei forbod mot å bruke heildekkjande plagg i det offentlege rom, men at dei må erkjenne at det ikkje er fleirtal for noko slikt.
– Det kan vere fleirtal for at ein har komme eit steg vidare. Det ville glede både meg og Frp om Ap no har snudd, sa Nesvik.